Variasjonar i lokal klimasårbarheit er kartlagt for nordnorske kommunar

Klimaendringar vil truleg føre til at nordlege Nordland og kystområda i Troms og Vest-Finnmark i løpet av dette hundreåret vil oppleve markert nedbørauke og også fleire tilfelle av ekstremnedbør. Dette vil gjere denne delen av Nord-Norge meir utsett for klimarelaterte skadar knytt til ulike typar skred og flaum. Lokale variasjonar i naturgrunnlag, næringssamansetting og samfunnsstrukturar elles, gjer at kommunane ikkje er like utsette for denne type endringar og vil ha ulik kapasitet til å meistre klimaendringar. Vestlandsforsking har no gjennomført ein førebels analyse av kor sårbare dei nordnorske kommunane er for klimaendringar

Prosjektet ”Regional klimasårbarheitsanalyse for Nord-Norge” er utført på oppdrag frå NorACIA-prosjektet ved Norsk Polarinstitutt. I dette pilotprosjektet har Vestlandsforsking vidareutvikla og prøvd ut ein mogleg indikatormodell for vurdering av lokal klimasårbarheit. Modellen opererer med ei rekkje indikatorar for såkalla naturleg, samfunnsøkonomisk og institusjonell sårbarheit. Kommunar som står fram som særleg sårbare er dei som både er utsett for klimarelaterte skadar og ulykker, som har mange sysselsette i klimasårbare næringar og som ut frå mellom anna økonomi, kompetanse og beredskap står dårleg rusta til å tilpasse seg eit våtare og villare klima. Klimasårbare næringar er her forstått både som naturbaserte næringar som er direkte avhengige av klimaet (for eksempel landbruk, fiskeri, reindrift og reiseliv) og næringar som er sårbare for klimapolitiske tiltak som CO2-avgifter (for eksempel olje- og gassutvinning).

Indikatormodellen gir ikkje grunnlag for å konkludere med kva kommunar som faktisk er mest klimasårbare, men er meint som ein reiskap for å peike ut kommunar der ein bør gjere grundigare analysar av lokal klimasårbarheit. Mellom nordnorske kommunar som det såleis kan vere grunn til å vurdere nærare, finn vi Moskenes og Grane i Nordland, Målselv i Troms og Loppa i Finnmark. Fleire av desse kommunane er skredutsette, medan enkeltkommunar har tilslag på indikatorar som flaumfare, sårbar næringsstruktur, energibruk, klimagassutslepp og svake folketalsprognosar. Denne førebelse kartlegginga inneheld ikkje vurderingar av om skadeforebyggande tiltak lokalt kan ha gjort den einskilde kommunen mindre sårbar for klimaendringar. Vidareutvikling av indikatormodellen, betre datagrunnlag og ny innsikt i samanhengane rundt klimasårbarheit vil seinare kunne føre til ei endra rangering av kommunane.

For nærare informasjon, kontakt Kyrre Groven, Vestlandsforsking, tel. 57676152 / epost kgr@vestforsk.no.

NorACIA er miljøvernstyresmaktene si nasjonale oppfølging av Arktisk Råd-prosjektet ”Arctic Climate Impact Assessment” (ACIA). For informasjon om NorACIA, kontakt Magnar Bjerga, Norsk Polarinstitutt, tel. 77750631 / epost magnar@npolar.no, eller Birgit Njåstad, Norsk Polarinstitutt, tel. 77750636 / epost birgit.njaastad@npolar.no.

Les meir - Finnmarksnytt

Høyr radioinnslag om denne saka på - NRK P1 Finnmarksnytt 25.09.06