Tverrfagleg forsking - salbar pynt i oppdragsforskinga eller eit brot med disiplintenkinga?

Seminaret vart gjennomført 18. august 2008 på Campus Sogndal

Bakgrunnen for seminaret er at Vestlandsforsking og Høgskulen treng å utvikle sin tverrfaglege basis. Det er fleire grunner for eit slikt behov:
- Oppdragsforsking krev ofte ei tverrfagleg tilnærming for å vere relevant
- Fleire av våre arbeider tenderar mot aksjonsforsking, ein forskingsstrategi som i seg sjølv er tverrfagleg
- Kvalifiseringsarbeid, som t.d. doktorgrad, vil ofte ha ei tverrfagleg tilnærming ut frå dei empiriske spørsmål vi arbeider med.

Samstundes er mykje av teorilitteraturen disiplinorientert og auka krav til publisering kan stimulere disiplintenkinga. Korleis kan vi forankre tverrfaglig arbeid vitskapsteoretisk? Korleis kan vi bidra til tverrfaglig tenking mellom fagdisiplinane? Kva krav set tverrfaglig arbeid til metodisk tilnærming? Dette er nokre av spørsmåla seminaret reiste.

Målgruppa for seminaret var tilsette ved Vestlandsforsking og Høgskulen. Programmet bestod av tre presentasjonar:

Professor Hans Christian Garman Johnsen, Agder Universitet:
Diskursen mellom paradigma i eit kunnskapssosiologisk perspektiv: korleis både vere tverrfaglige og relevante, og samstundes bidra i disiplinære diskursar?

Professor Karl Georg Høyer, Høgskolen i Oslo/Vestlandsforsking:
Tverrfag i forsking: ein vitskapsteoretisk grenseoppgang

Førsteamanuensis Jon Helen Pedersen, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Ein etisk inngang til tverrfag innan politikk, teknologi og økologi .

Kontaktperson hjå Vestlandsforsking Eivind Brendehaug
ebr@vestforsk.no
tlf 95191752