Treng kommunane miljøløft frå staten?

Ei kartlegging gjennomført på oppdrag frå Miljøverndepartementet viser at det er stor avstand mellom forventningar og krav til kommunane sin miljøkompetanse og situasjonen i dag. Sjølv om den generelle nedgangen i tal kommunar med miljøvernleiarar ser ut til å ha stoppa, skjer det ei polarisering ved at dei som har kompetanse styrker denne ytterlegare medan dei som har liten kompetanse fjernar den heilt. Dei gode blir betre og dei svake blir svakare.

Dette er ei stor utfordring sett i forhold til dei nye utfordringane kommunane blir stilt ovanfor på miljøområdet. Gjennom endringar i planlova vil kommunane bli pålagde nye klimaoppgåver. Ny  lov om biomangfald vil pålegge kommunane nye oppgåver på biomangfald, og EUs vassrammedirektiv stiller nye krav når det gjeld forvaltning av vassressursar.  Desse utfordringane blir serlig store for små og mellomstore kommunar. Med dagens kapasitet og kompetanse i kommune-Norge, er det vanskeleg å sjå for seg at alle kommunar vil klare desse nye utfordringane på ein tilfredsstillande måte.  Når kommunepolitikarane blir spurde i undersøkinga om korleis dei trur kapasiteten vil utvikle seg i kommunane framover, så svarar eit fleirtal at den truleg vil bli ytterlegare redusert.

Undersøkinga er gjennomført av Vestlandsforsking i samarbeid med Møreforsking og Norsk institutt for by- og regionforskning.

Omtale prosjekt

Rapport: Kartlegging av kommunenes miljø- og planleggingskompetanse