Stor interesse for høyringsmøte/seminar om IT-arkitektur

Det kombinerte høyringsmøtet og seminaret om felles arkitektur i offentleg sektor samla over 150 interesserte deltakarar i Oslo i går.

Dei over 150 deltakarane verka godt nøgde med det kombinerte møtet som først var eit høyringsmøte arrangert av Fornyings- og adm.dep. og deretter eit seminar med same tema arrangert av Vestlandsforsking/Ressursnettverk for e-forvaltning og NorStella. Dei mange frammøtte var sterkt delaktige i eit vellykka møte og seminar på grunn av mange spørsmål og kommentarar.

Høyringsmøtet vart også sendt på nettet slik at også dei som ikkje såg seg råd til å ta turen til Oslo, kunne følgja med. Litt fram i tid går det kanskje an å også involvera desse i dialogen med føredragshaldarane. Høyringsfristen for rapporten "Felles arkitektur i offentleg sektor" er sett til 25. september og ut frå aktiviteten på gårsdagens møte, kjem det inn mange uttalar til departementet.

Presentasjonane frå seminaret etter lunsj (ikkje sjølve høyringsmøtet) i går finst på NorStella si heimeside.