SeSam 4: Nytt prosjekt med reiseliv og semantisk vev

SeSam 4 er eit stort prosjekt finansiert av Forskingsrådet gjennom programmet VERDIKT. Prosjektet hadde oppstartsmøte i i Amsterdam i slutten av april og kontrakt med Forskingsrådet vart underskriven i starten av juli månad.

SeSam4 står for SEmi-SemAntic Models for cross-sector portals. Prosjektet skal utvikla tenlege verktøy for små og mellomstore bedrifter for å dra nytte av mulegheitene som ligg i semantisk web. Prosjektet skal gjera det enklare for bedrifter å kopla informasjon som høyrer naturleg saman. Teknologisk vil prosjektet arbeida både med W3C-standarden RDF/OWL og ISO-standarden Topic Maps (emnekart) og vil også prøva å byggja bruer mellom dei to standardane.

Prosjekteigar er IKT-Norge og følgjande partnarar er med:
Prosjektet skal bruka opne standarder og utvikla fri programvare-verktøy som vil gjera det enklere å etablera semantiske løsninger for nettverk og mindre bedrifter. Det skal utviklast tre pilotar i prosjektet innan områda bygg, reiseliv og bedriftstenester/katalogtenester og Vestlandsforsking skal leia arbeidet med reiselivspiloten. Prosjektet går over tre år.

Som biletet under kanskje viser, skjedde oppstarten i storslagne omgivelsar i det kongelege tropiske museet i Amsterdam. Terje Aaberge og Svein Ølnes vil arbeida med prosjektet frå Vestlandsforsking si side.