Seminar: Fornybar energi - eit nytt industrieventyr i Sogn og Fjordane?

Kan satsing på energi frå sol, vind, vatn og biomasse skape nye arbeidsplassar og samtidig bidra til å løyse klimautfordringane? Dette er spørsmål fleire fagfolk vil gje sine svare på den 20. september på eit seminar under Forskingsdagane i Sogndal.

Satsinga på fornybar energi og miljøvenleg teknologi blir omtalt som ein megatrend.  I USA gjekk nærare ein tidel av all ny risikovilleg kapital i 2006 til miljøvenleg energiproduksjon, og tal studentar som søkjer opptak på miljørelaterte studie er tredobla i løpet av få år.

Her heime følgjer vi spent med på selskapet REC og deira ambisjon om å bli verdas største selskap innan solenergi. Også i vårt eige fylke er det ting på gang.  Til dømes vil selskapet Norsun i Årdal produsere silisium-wafere (skiver) for den internasjonale solenergimarknaden. Eit anna døme er selskapet Vestavind Kraft AS der sju kraftselskap har gått saman for å gjennomføre vindkraftprosjekt på Vestlandet.

Men er den store entusiasmen for fornybar energi gode nyhende for investorar og for framtidige arbeidsplasser?  Eller vil den, som dotcom-bølga,  få ein brå slutt? Og kan til dømes bruk av biodisel på bilar og vindkraft til oppvarming av husa våre løyse miljøproblema?

Foredragshaldarane som skal utdjupe desse spørsmåla og kome med sine svar, kjem frå næringslivet og forskingssektoren.  Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane er arrangørar, og seminaret er ein del av Forskingsdagane 2007. Seminaret er retta mot alle som er opptekne av klimaproblematikk og energi. Seminaret har plass til maks 50 deltakarar, så det er viktig at dei som er interesserte melder seg på raskt.  (link).

Program for seminaret

Seminaret er fullteikna.

Vi håpar seminaret kan sette tenkinga og debatten i gang i vårt fylke, seier Erling Holden ved Vestlandsforsking og Kristin Linnerud ved HSF.

Erling Holden (telefon 57 67 61 64) er forskingsleiar for miljø- og samfunnsforsking ved Vestlandsforsking. Kristin Linnerud (telefon 57 67 63 44) er i ferd med å avslutte doktorgrad innan økonomisk regulering av energisektoren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.