Samferdsleministeren vitjar Vestlandsforsking

Vestlandsforsking hadde i dag (24. april) besøk av statsåd Liv Signe Navarsete som kom frå NHO-konferanse i Nordfjord på torsdag. Liv Signe er tidlegare styreleiar for Vestlandsforsking.

Vestlandsforsking set stor pris på besøk og hadde saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) ein lenger presentasjon for ministeren og følgjet hennar med politisk rådgjevar Anne Tingelstad Wøien og kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Sogndal Karen Marie Hjelmeseter. Direktør Agnes Landstad, forskingsleiarane Ivar Petter Grøtte og Carlo Aall og stipendiat Ole Inge Gjerald presenterte viktige forskingsaktivitetar ved instituttet, medan Hans Jørgen Binningsbø presenterte aktivitetar ved HSF.

Det går bra med instituttet om dagen, med både forskingssenter for berekraftig reiseliv, deltaking i nytt forskingssenter for energi og mange nye tilsette dei siste 2-3 åra. Carlo Aall kunne fortelje om det kommande «Balestrand Summit 2009» og aktivitetane i senter for berekraftig reiseliv. Samtidig som fokuset på klimautfordringar har auka dei siste åra har talet på forskarar auka med 50 % noko som har komme miljøgruppa på Vestlandsforsking til gode. Ole Inge Gjerald er ein av desse nytilsette og er stipendiat på program for fornybar energi. Saman med næringslivet i fylket har HSF og Vestlandsforsking starta dette programmet med tre stipendiatar og eitt professorat. Programmet ber allereie frukter og fagleg ligg alt til rette for eit bachelorstudium frå hausten 2010, men det er opp til HSF om dei ynskjer dette.

Også IT-forskinga ved Vestlandsforsking har stor aktivitet og tilset fleire forskarar. Ivar Petter Grøtte orienterte om arbeidet med kvalitetssikring i reiselivet og studieturen til Slovenia og Austerrike som nyleg vart arrangert. For samferdsleministeren er sjølvsagt også arbeidet til IT-forum og herunder Breibandforum svært aktuelt. Forumet jobbar med å fylla alle kvite flekkar på breibandskartet i denne omgangen og førebur allereie arbeidet med andre generasjon breiband, eller «fiber til folket».

Vestlandsforsking sin gode samarbeidspartnar Høgskulen i Sogn og Fjordane kan også vise til god utvikling i det siste og Hans Jørgen Binningsbø kunne fortelje at trenden mot flukt frå høgskulane i distrikta til storbyane har stoppa opp. Talet personar som har ført HSF opp som sitt primære studieval, er 50% høgre enn i 2008. Lærarutdanninga er den store vinnaren.