Samarbeider om forsking kring innovasjon

Dei fire vestlandsfylka, ved forskingsinstitutta Vestlandsforsking, SNF, IRIS og Møreforsking, har foreina krefter i eit nytt forskingsprosjekt støtta av Forskingsrådet. Prosjektet ser nærare på spørsmålet: Er det mogleg å styre innovasjon?

Forskingsrådet sitt Virkemiddel for regional FoU og Innovasjon (VRI) forsøker nettopp dette. Tanken bak virkemiddelet er at betre koplingar mellom næring og FoU-miljø i regionane vil føre til auka innovasjonstakt. VRI er derfor innretta for å skape slike koplingar. Forskingsprosjektet vil sjå nærare på korleis dette fungerer i praksis og i kva grad og på kva måte det kan tenkast å føre til innovasjon.

Samarbeidet starta i fjor vår, då representantar frå forskingsinstitutta møttest i Bergen for å finne fellesnemnarar knytt til deira forskingsprosjekt i VRI. Det viste seg at det var mogleg å få fram samanliknbare data mellom fylka og prosjektet vart i februar løyvt midlar frå Forskingsrådet.  Forskarprosjektet har som målsetjing å bidra til å vidareutvikle VRI – programmet og norsk innovasjonspolitikk i tillegg til å bidra til internasjonal forsking kring innovasjonssystemtenking. Prosjektet skal vere ferdig tidleg neste år.

samarbeid

Forskarar involverte i vestlandssamarbeidet møttest i Bergen 24. mars. Frå venstre: Martin Byrkjeland (IRIS), Stig-Erik Jakobsen (SNF), Ragnhild Wiik (IRIS), Ingjerd Skogseid (Vestlandsforsking), Inger Beate Pettersen (SNF), Finn Ove Båtevik (Møreforsking), Else Ragni Yttredal (Møreforsking)