Rundreise i fornybarfylket

2. august 2009 trykte Aftenposten ein artikkel frå "fornybarfylket" Sogn og Fjordane. Oppslaget bygde på ei tre dagars rundreise med Program for fornybar energi.

Eitt av måla med rundreisa i sommar var å få fram det store mangfaldet i produksjonen av fornybar energi i Sogn og Fjordane. Miljø- og klimajournalist Ole Mathismoen følgde professor Erling Holden og stipendiatane Ole Inge Gjerald og Geoffrey Gilpin til verksemder og arenaer for energiproduksjon i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Under overskrifta "Kraft som EU vil ha" presenterte Aftenposten ni former for næringsverksemd basert på fornybar energi. Reportasjen omfatta solenergi i Årdal, vasskraft i Luster, brenselsceller i Høyanger, småkraft i Jølster, bioenergi frå flis i Stryn, fjordvarme som oppvarmingskjelde i Nordfjordeid, vindkraft og produsentar av plasthetter til vindturbinar i Vågsøy og havmøller på Stadthavet.

- Sogn og Fjordane har et stort uutløst potensial for fornybar energi. Kanskje er tettheten for mulige prosjekter større enn noe annet sted i landet. Det er dessuten en veldig klar holdning her, nå går toget, nå gjelder det å kaste seg på, seier Erling Holden til Aftenposten. Program for fornybar energi har tre tilsette i tillegg til professor Erling Holden: PhD-stipendiatane Bente Johnsen Rygg (HSF), Ole Inge Gjerald (Vestlandsforsking) og Geoffrey Gilpin (Vestlandsforsking). Professoratet og doktorgradsstipenda er delvis finansierte av energiselskap i Sogn og Fjordane.

Last ned artikkelen : Del 1 og Del 2

Les Ole Inge Gjerald sin bloggartikkel om rundreisa