Revidert program - Seminar om tverrfagleg forsking 18. august

Det er gjort ei lita endring i programmet - sluttidspunkt er sett til kl kl 14.00

Tverrfagleg forsking: Salbar pynt eller eit brot med disiplintenkinga?

Dette blir tema for seminaret 18. august på Fosshaugane Campus, auditoriet på langsida. Seminaret startar kl. 08.30 og er primært retta mot tilsette ved Høgskulen og Vestlandsforsking, men andre er også velkomne

Program

 

Kl. 08.30:    Velkommen og introduksjon (Eivind Brendehaug)

Kl. 08.45:    Diskursen mellom paradigma i eit kunnskapssosiologisk perspektiv:
-    korleis både vere tverrfaglige og relevante, og samstundes bidra i disiplinære diskursar? Av prof. Hans Christian Garman Johnsen, Agder Universitet
Spørsmål og kommentarar.

Kl. 10.00:    Tverrfag i forsking: ein vitskapsteoretisk grenseoppgang, av prof. Karl Georg Høyer, Høgskolen i Oslo/Vestlandsforsking
                Spørsmål og kommentarar       

Kl. 11.15:     Lunsj på Campus

Kl. 12.00:    Ein etisk inngang til tverrfag innan politikk, teknologi og økologi. Førsteamanuensis Jon Helen Pedersen.
Spørsmål og kommentarar   

Kl. 13.00:    Samla drøfting

Kl. 14.00:    Slutt



Bakgrunn

Bakgrunnen for seminaret er at Vestlandsforsking og Høgskulen treng å utvikle sin tverrfaglege basis. Det er fleire grunner for eit slikt behov:
- Oppdragsforsking krev ofte ei tverrfagleg tilnærming for å vere relevant
- Fleire av våre arbeider tenderar mot aksjonsforsking, ein forskingsstrategi som i seg sjølv er tverrfagleg
- Kvalifiseringsarbeid, som t.d. doktorgrad, vil ofte ha ei tverrfagleg tilnærming ut frå dei empiriske spørsmål vi arbeider med.

Samstundes er mykje av teorilitteraturen disiplinorientert og auka krav til publisering kan stimulere disiplintenkinga. Korleis kan vi forankre tverrfaglig arbeid vitskapsteoretisk? Korleis kan vi bidra til tverrfaglig tenking mellom fagdisiplinane? Kva krav set tverrfaglig arbeid til metodisk tilnærming? Dette er nokre av spørsmåla seminaret vil ta opp. Det er sett av god tid til spørsmål, kommentarar og diskusjon. Deltakarane kan dermed vere med å påverke innhaldet på seminaret.

Vel møtt!
Eivind Brendehaug
Vestlandsforsking, ebr@vestforsk.no
tlf: 57676170, mob: 95191752