Pressemelding: Kan Noreg bli verdas første berekraftige reisemål?

Den 27.-29. mai samlast nokre av verdas fremste forskarar innan berekraftig reiseliv og representantar frå reiselivsnæring, regjering og forvalting for å diskutere korleis Noreg kan bli verdas første berekraftige destinasjon. Seminaret foregår i Balestrand

I Regjeringa sin ferske reiselivsstrategi ”Verdifulle opplevelser” er berekraftig reiseliv  løfta fram som eitt av tre hovudmål. Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv (Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane) og Innovasjon Norge skal samarbeide om forskings- og utviklingsprosjekt som skal gi dette målet eit teoretisk grunnlag og eit praktisk innhald.

”Berekraftige destinasjon Noreg 2025” er tittelen på arbeidet der Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv i samarbeid med Universitetet i Stavanger og Høgskulen i Alta skal identifisere viktige faktorar for berekraft i ein destinasjon og teikne framtidsbilete for mulege utviklingsvegar i næringa.

I prosjektet ”Bærekraftig reiseliv 2015” skal Innovasjon Norge i samarbeid med NHO Reiseliv og andre finne fram til tiltak som kan hjelpe både næring og reiselivsforvaltning i ei meir berekraftig retning.

Saman inviterer vi reiselivsnæring, forvaltning og politisk leiing til eit stort kompetanseløft i Balestrand 27.-29.mai.

Målet med seminaret er å starte diskusjonen med sentrale aktørar innan norsk reiseliv og prøve å svare på følgjande spørsmål:
• Kva forsking knytt til utvikling av ny teknologi, endringar i offentleg verkemiddelbruk og endring av organisering, drift og marknadsføring av norsk reiseliv kan bidra til å gjere norsk reiseliv berekraftig innan 2025?
• Kva pilotprosjekt kan vise korleis norsk reiseliv kan bli berekraftig innan 2025?
• Korleis kan offentlege verkemiddel bidra til å gjere norsk reiseliv berekraftig innan 2025?
• Korleis kan reiselivet bidra til å oppfylle Stortinget sitt mål om at Noreg skal bli eit karbonnøytralt land innan 2030?

Bernard Lane, redaktør av det internasjonale vitskaplege tidsskriftet ”Journal of Sustainable Tourism”, vil leie seminaret i Balestrand. Som ein internasjonalt kjend  konsulent innan berekraftig reiseliv og ein ivrig gjest i Noreg gjennom dei siste førti åra seier han: ”Det ville vere i det moderne Noreg sin tradisjon om Noreg kan vise verda  korleis ein teknisk, organisatorisk og ved val av marknadsføringsstrategiar kan bidra både til å redde planeten og framleis gi tilreisande mulegheit til å oppleve Noreg”.


For meir informasjon om seminaret kontakt
Agnes Landstad, Direktør ved Vestlandsforsking, 57 67 61 50
Stefan Gössling, forskingsleiar for berekraftig reiseliv , 00 46 7049 22 634
Bernard Lane, redaktør av Journal of Sustainable Tourism, 0044 117 9681178