Opning av Forskingssenter for geoturisme og reiseliv

Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane arrangerer seminar torsdag 3. mai i samband med opning av Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv

Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking opnar torsdag 3.mai Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv.

I samband med opninga inviterer vi til seminar der vi fokuserer på utvikling av geoturisme - eit reiseliv som tek vare på og styrkar lokal eigenart og lokale ressursar.

Kva er potensialet i reiselivsutviklinga innanfor rammene om berekraft og lokal verdiskaping?

Og kva er kunnskapsutfordringane for å hente ut potensialet – knytta til verna område, knytta til eigarskapsstruktur, knytta til kvalitetskriterie, knytta til kunnskap om marknad og trendar osb osb.

Vi ønskjer velkomen til ein utfordrande og inspirerande dag med innleiarar frå fjern og nær som vil sette nye vinklingar på debatten om geoturisme og berekraftig reiseliv.

Program for seminaret

Påmeldingsfrist 26.04.07