Nytt prosjekt - Kunnskap om konsekvensar ved bruk av biodiesel

Vestlandsforsking er ein av samarbeidspartnarane i eit EØS-finansiert prosjekt saman med Oil and Gas Institute i Krakow i Polen og Abgasprüfstelle Fachhochschule Biel i Sveits.

BIODEG er eit akronym for "Influence of bio-components content in fuel on emission of diesel engines and engine oil deterioraton".  Prosjektet skal bidra med kunnskap om konsekvensar ved bruk av biodiesel i kombinasjon med fossil diesel på to område:

  1. utslepp
  2. effekt på motorolje

Vestlandsforsking har ansvar for det første området, utslepp, og skal utføre livsløpsvurderingar av drivstoffa sine utslepp av klimagassar og stoff med helseeffekt.  Vurderingane skal utførast for biodiesel produsert frå biologisk olje frå tre ulike kjelder: rapsfrø, solsikkefrø og fisk.