Ny rapport om potensialet for cruiseturisme i Sogndal, Luster og Leikanger

Cruiseturisme i Sogndal, Luster og Leikanger har potensiale, men er krevjande. Ein bør vurdere samarbeid kring cruisekai i Skjolden, og andre former for reiseliv bør prioriterast.

Dette kjem fram i ein ny rapport utarbeidd av Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking (Forskingssenteret for geoturisme og berekraftig reiseliv), der ein har vurdert potensialet for cruiseturisme i Sogndal, Luster og Leikanger på oppdrag frå kommunane Sogndal, Luster og Leikanger. Rapporten inneheld også berekraftvurdering av  cruiseturisme og anslag på verdiskaping frå små cruisehamner som kan ha nasjonal interesse.

Nokre av hovudkonklusjonane er:

  • Potensialet i regionen: Veksten i cruisemarknaden, etterspurnaden etter fjordprodukt frå cruisemarknaden, og dei unike fjord-, fjell.- og breprodukta i regionen, gjer at det er vurdert å vera eit godt potensiale for cruiseturisme i dei tre kommunane
  • Krevjande satsing: Satsing på cruiseturisme er spesialisert og krevjande knytt til marknadsføring/sal, turproduksjon og opplevingar, oppbygging og drifting av mottaksapparat (kaianlegg og havnevesenfunksjon mm.), tilgang på bussar og guidar mm. Store investeringsbehov, omfattande drifting og krav til logistikk gjer cruiseturisme til ein krevjande del av reiselivet.
  • Liten marknad: Cruisemarknaden  er i sterk vekst, men er framleis liten samanlikna med landbasert turisme – cruiseturismen står for mindre enn 2% av turismen i Noreg. Verdiskapingspotensialet i regionen er berekna til mindre enn 10% av reiselivet i dei tre kommunane (i Oslo og Flåm står cruisepassasjerane for 10-15% av tal besøkande på dei største attraksjonane)
  • Berekraft: Cruiseskip er særs utslepps- og energiintensive pr. personkilometer, men det trengs nærare analysar av cruiseturisme vs. landbasert turisme for å kunne samanlikne berekrafta til cruiseturisme direkte med annan turisme.
  • Verdiskaping: Gjennomsnittleg forbruk pr. cruiseturist er noko høgare enn gjennomsnittleg forbruk pr. døgn for bil- og flyturistar, men bil- og flyturistar har større forbruk pr. reisemål pga. gjennomsnittsopphald på 1,5 – 2 døgn pr. stad. Store deler av den individuelle bil- og flyturismemarknaden har også potensiale for langt høgare verdiskaping pr. døgn og opphaldslengd pr. reisemål enn gjennomsnittstala syner.
  • Cruisekai i Sogndal? Ei eventuell cruisekaietablering i Sogndal bør vurderast nøye – det kan i dei næraste 3-4 åra synast meir rasjonelt å samarbeide om oppbygging av cruiseturisme i dei tre kommunane med utgangspunkt i Skjolden cruisekai før ein eventuelt vurderer etablering av fleire hamner.

For meir informasjon, ta kontakt med Ståle Brandshaug på tel: 90 96 11 79 eller e-post: stale.brandshaug@hisf.no