Næringskomiteen stadfestar behov for Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv

Utdrag frå Næringskomiteen si innstilling til Stortinget på Statsbudsjettet:

Post 71 Nettverk, profilering og reiselivsprogrammer, kan overføres

Det foreslås bevilget kr 355 000 000 på post 71.

Komiteen vil peike på at turisme og reiseliv har store utviklingsmulegheiter og er ei av verdas raskast veksande næringar. Fleire fylke og regionar har dette som satsingsområde. Komiteen meiner at Noreg kan utvikle ei stor og livskraftig reiselivsnæring ved å marknadsføre den unike naturen frå kyst til høgfjell.

Fleirtalet i komiteen, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til at Noreg har store uutnytta potensial i utviklinga av reiselivsnæringa. Behov for reduksjon i klimautslepp gir reiselivsnæringane nye utfordringar.

Fleirtalet har merka seg planane om utvikling av eit forskingssenter for bærekraftig reiseliv, lokalisert i Sogndal. Fleirtalet ser at eit slikt forskingsmiljø vil vere viktig for utvikling av eit bærekraftig reiseliv i Noreg.

Fleirtalet viser til at det er behov for å betre kunnskapsgrunnlaget og at Regjeringa derfor har løyvd midlar til finansiering av forsking for å betre kunnskapsgrunnlaget om reiselivspolitikken og at desse midlane nå er lyst ut av Norges Forskingsråd.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, har merka seg at det totalt er gjort framlegg om ei programløyving på 355 mill. kroner. Løyvinga skal fordelast med 140 mill. kroner til nettverksprogram og profilering samt 215 mill. kroner til reiseliv.

Løyvinga til profilering av reiselivsnæringane er i tråd med Soria Moria-erklæringa og meir enn dobla sidan 2005. Dette for å sikre at Noreg får ein monaleg del av veksten i den internasjonale og nasjonale marknaden.

Midlane skal mellom anna brukast til profilering av Noreg både i utlandet og Innanfor eigne landegrenser.

Dette fleirtalet er tilfreds med at Regjeringa nå legg fram ein nasjonal strategi for reiselivsnæringa. I denne strategien er profilering av Noreg både heime og i utlandet, innovasjon og nyskaping, samarbeid, kvalitetssikring og eit kunnskapsløft for reiselivsnæringane sentrale element.