Næringsdepartementet løyver pengar til reiselivsprosjekt

Nærings- og handelsdepartementet løyver 6 mill kr til forskingsprosjekt ”Sustainable Destination Norway 2025” ved Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv. Det 4-årige arbeidet skal stimulere debatten om reiselivsutvikling i Norge og auke kunnskapen om utfordringar og muligheter knytta til ulike utviklingsretningar. Vi vil sette fokus på reiselivet sitt bidrag i å nå målet om eit karbonnøytralt Norge. I forskingsarbeidet skal vi m.a. utvikle ulike scenarier for korleis norsk reiseliv kan sjå ut i 2025, synleggjere kva eit berekraftig reiseliv kan vere og bygge ei kunnskapsbase for beslutningstakarane i reiselivet. Kunnskapsbygging skal skje i samarbeid med ei gruppe internasjonalt anerkjende forskarar og vil omfatta eit breitt spekter av kunnskapsområde knytta til reiseliv, klima, transport, planlegging mv.

Regjeringa satsar på reiselivsforskning