Marit Orheim Mauritzen døydde torsdag 20. august

marit orheim mauritzen Marit var direktør ved Vestlandsforsking i åra 1997-2005. Ho var ein kreativ, initiativrik og humørfylt leiar med eit stort nettverk i næringsliv, akademia og i politikk som Vestlandsforsking fekk nyte godt av. Ho tok m.a. initiativet til å etablere Forskingssenter for berekraftig reiseliv i Sogndal. Marit hadde eit brennande engasjement for kunnskapsutvikling generelt og i reiselivsnæringa spesielt. Også etter at ho gjekk av frå direktørstillinga  og vart pensjonist, samarbeidde vi med Marit.

Mange er vi også som har blitt ønska velkomne til Mundal Hotel i Fjærland av hotelldirektør Marit. Ho gjorde historia til familiehotellet levande gjennom si store forteljarevne.

Marit var sentral i etablering av Norsk Bremuseum i Fjærland i 1991 og i skiping av Bokbyen i Fjærland i 1995.  Ho er også kjend for å  ha vore sentral i arbeidet med utvikling av Høgskulen i Stavanger med m.a. Norges Hotellhøgskole og seinare som styremedlem i Innovasjon Norge.

Marit Orheim Mauritzen skal bisetjast i Stavanger  fredag 28. august og skal minnast ved ei tilstelling i Fjærland 11. september.  Marit Orheim Mauritzen vart 66 år.