Mangel på miljøkompetanse likevel eit problem i kommune-Norge?

Staten er i ferd med å overføre nye og krevjande oppgåver innan planlegging og miljøvern til kommunane; innafor biologisk mangfald (ny biomangfaldslov), innafor klima (både utsleppsreduksjonar og klimatilpassing), innafor vannressursforvaltning (som følge av eit nytt ”vannforvaltningsdirektiv” fra EU), og innafor planlegging (som følge av endringar i plan- og bygningslova).

I samband med dette har Miljøverndepartementet bedt Vestlandsforsking, i samarbeid med Norsk institutt for by- og regionforskning og Møreforsking, om å analysere status i norske kommunar når det gjeld kompetanse innan planlegging og miljøforvaltning. Ein av hovudkonklusjonane frå denne analysen er at talet på miljøvernleiarar ser ut til å ha stabilisert seg, etter fleire år med nedgang, men at det skjer ei polarisering der stadig flere kommunar ikkje har slik kompetanse medan andre igjen aukar sin miljøkompetanse.

Vidare peikar analysen på at kommunane seier at ei viktig hindring for auka innsats innan planlegging og miljøforvaltning er mangelen på administrativ kompetanse, og at dette er ei større hindring enn mangelen på kunnskap. Dette strir med det som så langt har vore ei rådande oppfatning om at nedgangen i talet miljøvernleiarar i kommunane ikke er så problematisk, fordi kompetansen etter kvart blir spreidd på fleire tilsette og dermed integrert i kommuneorganisasjonen. Vår analyse tyder imidlertid på at det er eit problem at talet personar som har som hovudansvar å arbeide med miljø har gått ned. Det hjelper ikke at kunnskapen er i organisasjonen – spreidd på fleire personar – viss alt for få har fått avsett tid til faktisk å bruke kunnskapen i konkret miljøarbeid.

For mer informasjon, kontakt Carlo Aall

 Aftenposten: Kommuner uten naturvern