Kvalitet 2008

Årets evaluering av offentlege nettstader vart avslutta med ein konferanse og prisutdeling på Oslo Plaza i går (04.12). Det er eit arbeid som får stor merksemd og nær 270 deltakarar var samla på konferansen. Til samanlikning hadde Rosingprisen problem med å komma over 200 deltakarar. Målretting og relevans er nok hovudforklaringa på at kvalitetskonferansen slår Rosingprisen i deltakartal, om ikkje i profilering generelt.

Årets tema på konferansen var web 2.0 og det var interessante innlegg om dette. For detaljar her, sjå den private bloggen min. Her skal eg ta litt om den historiske bakgrunnen for evalueringane, sidan leiinga i DIFI viste seg noko historielause i omtalen av arbeidet i går.

Arbeidet med å utvikla indikatorar for gode offentlege nettsider starta i 2000 og det var tidlegare Statens informasjonsteneste ved Egil Jacobsen og Glenn Melby som stod for arbeidet saman med Ove Nyland i Norge.no. Vestlandsforsking kom inn i arbeidet fordi me hadde gjennomført ei kategorisering av offentlege vevtenester som låg tett opp til dei planlagde evalueringane, og me vart spurde om å kvalitetssikra det første utkastet til indikatorsett.

Kvalitetssikringa gjorde me på ein noko original måte: I staden for å (berre) overlevera eit skriftleg innspel med omtale og kritikk av indikatorane, utvikla me den fiktive nettstaden Nauda kommune. Den oppfylte alle kriterium, men var berre tøys. Ein god måte å få fram  poenget med 20 i stil og 0 i innhald. Oluf Haugen hjå oss var den kreative hjernen bak nettstaden og me hadde det veldig artig i dette utviklingsarbeidet. Kven har sagt at forsking må vera kjedeleg?

Nauda kommune overtydde Statskonsult (SI var som i mellomtida innlemma i Statskonsult) om at indikatorsettet var for dårleg til å fanga opp innhaldsdelen og måtte endrast. I rettferdas namn må det seiast at akkurat dette er den store utfordringa med slike indikatorar. Det er nokså lett å måla konkrete, formmessige ting som tilgjenge og andre tekniske krav, medan det er svært vanskeleg å formulera gode indikatorar for innhald.

Det første indikatorsettet var altså eit resultat av samarbeidet mellom Statens informasjonsteneste/Statskonsult , Norge.no og Vestlandsforsking.

Oppsummert kan me slå fast at det har vore utført 7 kvalitetsevalueringar (årleg bortsett frå 2002) og det har vore halde 4 konferansar. Og totalkarakterane har heile tida vore 1 - 6 stjerner.

Og årets vinnarar vart:
Sørum kommune (årets kommunale nettstad)
Høgskolen i Bergen (årets statlege nettstad)
Nasjonalt dokumentasjonssenter (årets tilgjengelegheitspris)
Finansportalen (årets nett-teneste)