Kommunikasjon 2.0

Direktoratet for forvaltning og ikt - Difi - har utarbeida forslag til ny kommunikasjonspolitikk for staten og det er no på høyring. Men kommunikasjonspolitikk 2.0 vil det likevel vera feil å kalla forslaget.

I forslaget til ny kommunikasjonspolitikk er det meste ved det gamle. Nye medium blir rett nok nemnde, men konsekvensane utviklinga på nettet vil få for statleg kommunikasjonspolitikk, blir ikkje diskuterte. Dei som har utforma forslaget ser ikkje ut til å ha teke inn over seg den enorme endringa den sosiale veven (web 2.0) vil innebera. Eller dei har medvite lagt seg på eit meir generelt nivå, noko som fort skaper uforpliktande visjonar og råd.

Det er i møte med praksis og røyndom kommunikasjonspolitikken blir til, og dersom røyndommen ikkje blir innarbeidt i forslaget, er det fare for at det endar som festtale. Forslaget verkar veldig avsendarorientert og det gir ikkje etatane mykje hjelp til å handtera dei utfordringane nettutviklinga har skapt. Det er heller ikkje enkelt å tilpassa seg det endra kommunikasjonsmønsteret og forventningane hjå innbyggjarane, men det hjelper ikkje å gøyma seg og håpa det går over. Då blir ein teken av tsunamien som er på veg. Betre då å vassa uti og læra gjennom prøving. Gode eksempel her er t.d. BetaTrondheim der nettutviklinga for Trondheim kommune blir løfta ut i kyberrommet.

Men Difi får eit pluss for å ha oppretta ein blogg i samband med presentasjonen og høyringa. Denne skulle sjølvsagt ha vore integrert med høyringsprosessen, t.d. gjennom ei slags Høyring 2.0. Men det kjem kanskje i neste omgang?

Sjå også fornuftige kommentarar til kommunikasjonspolitikken frå Glenn Melby, tidlegare tilsett i Statens informasjonsteneste og no kommunikasjonsrådgivar i Helse Sør-Øst.