Klimatilpassing – kva gjer vi?

Korleis starte arbeidet med klimatilpassing, kva bør vi gjere no? Det nyleg avslutta KS FoU-prosjektet ”Klimaendringenes konsekvenser for kommunal og fylkeskommunan infrastruktur” gir råd om dette.

Prosjektet er gjennomført av Vestlandsforsking, Sintef  Byggforsk og Bjerknessenteret.  Dei har sett næreare på konsekvensar av klimaendringar, aktuelle tiltak og hindringar for tiltak på desse fagområda:  arealforvaltning, vassforsyning, avløps- og overvatnhandtering, offentlege bygg, offentleg transport og transportinfrastruktur, kraftoverføring og elektronisk kommunikasjon.

Det er utarbeidd seks rapportar om temaet. På prosjektsida til prosjektet finn de meir informasjon og lenker til alle rapportane.


Sjå også KS-sine nettsider for meir informasjon.