IT-forum 2008: Korleis få menneske og teknologi til å samarbeide?

Dette var tema for det 13. IT-forum i Loen 2. og 3. oktober, der Vestlandsforsking er medarrangør. Nær 30 innlegg omhandla samspelet, eller mangel på det, mellom menneske, samfunn og teknologi.
Eit utval av presentasjonane finn du her:  www.it-forum.no

Både for leiarar, nyfikne brukarar av IT- system og ansvarlege for dei, gav på IT-forum 2008 mange nyttige innspel for å kunne påverke samhandlinga mellom teknologi og menneske. Temaet er like aktuelt om du arbeider i det private næringsliv eller offentleg sektor, samstundes som ein møtte andre med dei same daglege utfordringane. Konferansen samla 230 deltakara og har vorte ein av fylkets største fagsamlingar.

Nytt av året var det at IT-forum inviterte dei unge inn. Med tanke på framtidig rekruttering var det naturleg å invitere inn teknologi- interessert ungdom, Denne gongen vart det invitert 70 ungdommar frå vidaregåande skular i fylket. Det var elevar frå Måløy, Sandane, Eid og Førde som deltok torsdag. I tillegg deltok studentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.