Heidi Grande Røys: Gratulera med ny blogg

Gratulerer til Vestlandsforsking med blogg! Men kva er blogg? Blogging er ein måte å presentere informasjon på som kan nå grupper som elles ikkje vil oppsøkje brosjyrer og andre tradisjonelle måtar å presentere informasjon på. Vi veit til dømes at ulike aldersgrupper forheld seg til ulike kommunikasjonsmidlar. Blogg er ein av fleire nye kanalar for innbyggarmedverknad. Å legge til rette for blogging er ei form for
demokratiutvikling i brei forstand; ein låg terskel for å få, kanskje yngre personar særleg, i tale. Vi treng å høyre kva desse meiner!

Blogging vert brukt på ulikt vis - nokre brukar det som ei dagbok, kanskje krydra med nokre bilete, medan andre bloggar for å presentere meiningane sine.

Vi ser at fleire og fleire seriøse aktørar i den politiske debatten tar i bruk bloggar. Vi treng seriøse bloggar!   Dessverre er blogg i liten grad teken i bruk i meir "seriøse" organisasjonar - førebels, men når Vestlandsforsking no lagar blogg, så  får vi eit spennande høve til å meine og debattere dei ulike tema som Vestlandsforsking er oppteken av òg i denne forma.  I mitt eige parti bloggar både nestleiar Audun
Lysbakken http://www.rettvenstre.no og stortingsrepresentantane Heikki Holmås http://www.heikki.no og Åsa Elvik http://elvik.sv.no regelmessig. Dessverre kan eg ikkje sjølv skryte på meg ein blogg -førebels....

Ein blogg signaliserer openheit, fordi det ikkje berre er ein einvegs  kommunikasjon, men faktisk gir høve for dei som les til å komme med tilbakemeldingar og idear. Kanskje kan det at Vestlandsforskning no opnar ein blogg, medvirke til at ein får innspel og idear som ein elles ikkje hadde fått? Iallefall ynskjer eg dykk lukke til, både med blogg -og opninga av Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv som skjedde 3.mai!


Med helsing

Heidi Grande Røys
Fornyings- og administrasjonsminister