Forskarar oppmodar om kutt i flytrafikk

I eit brev sendt storavisene i Europa denne veka, oppmodar 15 anerkjende klima- og miljøforskarar om at EU set i verk effektive tiltak mot den dramatiske auken i flytrafikk. Initiativtakar er forskingskoordinator Stefan Gössling ved Senter for berekraftig reiseliv og geoturisme ved Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

I brevet, som denne veka står på trykk i aviser over heile Europa, ber dei 15 forskarane at EU-parlamentet set i verk tiltak for å redusere omfanget av flytrafikken i EU, som utgjer den raskast veksande kjelda til utslepp av CO2. Berre sidan 1990 er CO2-utsleppa frå fly i EU meir enn dobla, og forskarane ber om at EU-parlamentet no grip inn mot denne utviklinga.

Klima og reiseliv

Denne veka held initiativtakaren til lesarbrevet, Stefan Gössling, eit innlegg om nettopp dei store klimautfordringane reiselivet fører med seg. Det skjer på Norsk Reiselivskonferanse 2007 i Bergen torsdag 8.november. Stefan Gössling deler tida si mellom Senter for berekraftig reiseliv og geoturisme i Sogndal og Universitetet i Lund. Han har vore bidragsytar til den fjerde rapporten til FN sitt klimapanel og er medforfattarar av ein fersk klimarapport frå World Tourism Organization. For tida arbeider han med tema som turisme og Kyoto-utfordringa, berekraftig transport, karbonkvotar og lågkarbon-feriestrategiar.

Foredrag - Steffan Gössling - konferanse i Bergen

Lesarbrevet
Originalversjon (engelsk)

Dagsavisen
Aftonbladet
Svenska Dagbladet
Bergens Tidende (debattinnlegg)