Forskarar frå Vestlandsforsking med framlegg til endringar av klimapolitikken i ny bok

Forskingsleiar Carlo Aall og professor II Karl Georg Høyer ved Høgskolen i Oslo/Vestlandsforsking er to av 14 bidragsytarar i ei bok om klimapolitikk som i dag kjem ut på det internasjonalt anerkjente forlaget Routledge. Dei kjem med framlegg til endringar av viktige sider ved klimapolitikken.

Carlo Aall har saman med John Hille skrive ein artikkel om behovet for å redusere privatforbruket i Noreg. Medan klimagassutsleppa frå norsk produksjon har gått ned med 11 prosent frå 1996 til 2006, har utsleppa frå forbruk auka med 14 prosent. Det er utslepp frå privatbilar og fly som aukar mest (+62 %), saman med utslepp frå forbruk av varer utanom mat (+41%). Problemet med denne utviklinga er at dagens klimapolitikk i hovudsak rettar seg inn mot utslepp frå produksjon. Noreg opplever dermed det same som er tilfelle i mange andre industrialiserte land: Ein får til ein viss reduksjon av utsleppa frå produksjon, medan utsleppa frå forbruk held fram med å auke.
- Difor er det viktig at industrilanda supplerer dagens klimapolitikk med tiltak som kan få ned klimagassutsleppa frå privat og offentleg forbruk, som t.d. å redusere forbruket av kjøt og redusere flytransport, seier Aall.

Karl Georg Høyer har bidrege med tre artiklar. Han tek m.a. føre seg den såkalla CO2 reduksjonismen, forstått som at miljødebatten siste åra er redusert til éin dimensjon: Utslepp av CO2. Fare er at ein kan då gløyme andre drivhusgassar og difor risikere at tiltak for å redusere CO2-utslepp kan auka utslepp av andre klimagassar. Eit døme er overgang til biodrivstoff som kan auke utslepp av klimagassen lystgass frå bruk av kunstgjødsel. Det er også ei fare at ein gløymer andre miljøproblem. Tiltak for å redusere CO2-utslepp kan skape andre problem, som tap av biomangfald ved omfattande utbygging av meir vasskraft i Noreg. Sist, og ikkje minst er det ei fare at ein ikkje rettar merksemda mot den djupare årsaka til klimaproblemet, som er at forbruket vårt er i ferd med å overstige naturen si toleevne.

- Eg er sterkt kritisk til sider ved dagens miljøpolitikk og delar av miljørørsla som er prega CO2-reduksjonisme. Utan ei endring i innrettinga av miljøpolitikken vekk frå denne reduksjonismen klarer vi ikkje å løyse dei grunnleggjande miljøutfordringane, seier Høyer.
Føremålet med boka er å utvikle eit vitskapeleg grunnlag for ein alternativ klimapolitikk basert på tverrfaglegheit i både forsking og politikk.

Tittelen på boka er Interdisciplinarity and Climate Change. Transforming Knowledge and Practice for Our Global Future. Redaktørane er Roy Bhaskar, Cheryl Frank, Karl Georg Høyer, Petter Næss og Jenneth Parker.

Meir om boka (pdf)

Innhaldsliste (pdf)

For meir informasjon om boka, sjå forlaget sine nettsider eller kontakt Carlo Aall (991 27 222).