Evaluering av "Gult kort"

Ein rapport om prosjektet Gult kort vart presentert for statsråd Bjarne Håkon Hanssen på ein pressekonferanse torsdag 11. januar. Statsråden meinte erfaringane frå prosjektet var så interessante at det kan vere aktuelt å følgje opp med eit utvida prosjekt, der ordninga blir prøvd ut i større skala.

Utprøvinga av Gult Kort har skjedd gjennom eit samarbeid mellom Sunnfjord Medisinske Senter og NAV Trygd Flora. Vestlandsforsking har medverka i evalueringa av prosjektet som er finansiert av FARVE (forsøksverksemda til arbeids- og velferdsetaten). Evalueringsrapporten om Gult kort ligg no føre. Her er erfaringane frå prosjektet, som har gått føre seg sidan 2004, samla mellom to permar.   Hovudmålet med prosjektet var å prøve ut eit nytt kommunikasjonsverktøy – Gult Kort – som var sikta inn mot å stimulere til arbeidsplassdialog om muligheiter på arbeidsplassen. Spesielt var dette tilfellet i situasjonar der arbeidstakar hadde stor restarbeidsevne, men der sjukemelding normalt ville vere det einaste alternativet. Gult kort var såleis eit verkty legane nytta for å skildre kva omsyn arbeidsgjevar måtte ta for at arbeidstakaren skulle halde fram i arbeid. Arbeidstakar – på si side – måtte syte for at dialogen fann stad på arbeidsplassen. Saman skulle arbeidstakar og arbeidsgjevar finne løysingar for å unngå sjukemelding.   Evalueringa av Gult kort består av ulike analysar: kvantitative analyser retta mot effektar av ulike funksjoner i systemet og kvalitative caseanalysar der einskilde tilfeller blir grundigare studert. Evalueringa teiknar eit positivt bilete av ordninga. Det blir mellom anna dokumentert at arbeidstakarar som har fått Gult Kort blir mindre sjukemeldt, er meir tilstades på jobb og har eit større potensiale for produktivitet enn arbeidstakarar i ei kontrollgruppe. Pasientane som har fått Gult Kort opplever det òg som ei god ordning.
Aktuelle lenker:
http://www.gultkort.no

http://www.idebanken.org/default.asp?show=art&artID=1897 http://www.nav.no/805335380.cms