Eg, ein vevloggar?

Eg hadde her håpa og trudd på ei forseinking i dette prosjektet slik det  ofte er vanleg i viktige store it-prosjekt, både innan offentleg og privat sektor. Eg var difor ubudd då beskjeden kom frå overordna. Ikkje heilt uventa. Ikkje heilt som lyn frå klar himmel. ”Inkoleisen kan det vere med tema og innhald. Ikkje prøv deg med unnasluntring. I bloggen vår skal du skrive eitkvart!”

Her på Vestlandsforsking er det forventa at dei innan IT-forskingsområdet prøver ut nokre nye internettverktøy og har høyrt om nye web 1.0, 2.0, 3.0 og 3.1a… Sjølvsagt er eg, som syslar med prosjekt knytt til dette feltet, på nett i både jobb og fritid. Eg er altfor tilgjengeleg og har sjølvsagt eksperimentert med eigenproduserte nettsider med bilete av og for familie og venner. Og no skal eg bli bloggar.

Det er her ikkje som hos dei amerikanske stakkarane, dei prøvde ut den nye nettsamfunnshypen Facebook. Nettavisen kunne melde at ”De meldte seg på «Facebook», men endte på «Aetat»” Det var etter at sjefen fekk sjå det dei hadde lagt ut på nett. Her skjer ikkje det. Trur eg. Håpar eg…

No gjeld det for meg å følgje ”ver varsamplakaten”. Skrive litt om faglege, trygge og ufarlege ting du jobbar med. Ikkje seie noko om at du tykkjer blogging minner deg mykje om avansert doveggskribleri. Oooppssss…

Internett utviklar seg i rykk og napp til å bli bedre og enklare for meg å få noko nyttig ut av. Det er stadig noko nytt. Eg likar godt Wikipedia. Det er leksikonet du sjølv kan vere med å bidra i. Der har eg søkt på Blogg og blitt informert, til og med på norsk. Der står det at det engelske ordet blogg, på norsk  vevlogg, er ei nemning på ei oppdatert internettside der ein eller fleire kjem med synspunkt og fortel omverda kva som skjer. Du kan velje blant mange sjangrar og gjere det meir avansert med å nytte videoblogg og bildeblogg.

Noko av det eg likar ved Wikipedia er det eg likar minst ved bloggar. Det er for mange bloggar om same tema. Eg saknar effektive måtar informasjonen eg søkjer kan bli diskutert og foredla og kanskje kvalitetssikra på før eg mottek den. Her kjem kommentarfelta i bloggane til kort. Eg ønskjer sjeldan å lese alt og må klikke for å få fram alle rettingar og alternative synspunkt på det som er presentert. Det tek tid. For mykje tid. Når bloggen er eit kunstnarleg uttrykk eller eit internt verktøy for samarbeid og kommunikasjon er eg for, men dette tvisynet har eg på tematiske og profesjonelle bloggar.

Nettsamfunn er viktig. Alt i studietida høyrde eg om moddarar som leikte seg med rollespel og data på nettsamfunn. Det var berre tekst dei utveksla. No er det meir avanserte visuelle dataspel og stor industri. Endåtil med gode norske bedrifter som Funcom i front. Sosiale nettsamfunn er i vinden. To kollegaer insisterte for om lag ei veke sidan på at eg skulle bli med i Facebook. Eg la inn både sentrale data, tekst og bilete. OG no kan det sjå ut som om eg har opptil fleire venner. Men ein av desse to som lokka, ein venn, har no sletta sin profil. Det  trudde han. Det viser seg at selskapet bak nettverket har lov til å behalde alle data om deg. Sjølv om du prøver å slette deg. Andre brukarar kan du stengje ute, men ikkje selskapet. Kva skal dei med informasjonen?
Er det tryggare å legge ut detaljert blogg om seg sjølv?

Skal du ta til med blogg bør den brukast aktivt og oppdaterast ofte. Eg har lenge vore i eit lukka nettverkssamfunn for dei eg gjekk på skule med i Trondheim (Nettsamfunnet nytta verktøyet Linkedln). Eg registrerte meg, men brukte det lite. Slik sett var det akkurat som eit vanleg diskusjonsforum på ei kommunal nettside. Det vesle poenget her er at for mange bloggar og andre kjekke internettverktøy for dialog har same problem. Tynt innhald. Når vi no har lansert vår blogg blir det ein byr... utfordring å halde denne levande.

Som du skjønar. Eg kan ikkje dy meg og er ikkje heilt frelst som bloggar. Eg var ikkje flink på dagbokføring heller. Men motviljen har mest med informasjonsstraumen på internett å gjere. Det er mange der ute. Ja. Eg vil gjerne ha ny informasjon. Eg vil gjerne ha den lett tilgjengeleg og med god kvalitet. Dette har i varierande grad e-post, Google, nyheitsbrev og eit utval nettstader og portalar ordna for meg ei stund. Vi som er i IT-gruppa håpar og trur på at nye standardar som til dømes semantisk web og emnekart skal gjere informasjon enno lettare og tryggare å nytte. Men det er tema til eigne bloggar.