Campus Seminar og nett-kringkasting

I samband med seminaret om opphavsrett har arrangørane Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Vestlandsforsking nytta høvet til å slå eit slag for videooverføring av liknande arrangement.

I gårsdagens Sogn Avis vart poenget med videooverføring av seminar understreka av Øystein Åsnes frå fylkeskommunen og Heather Broomfield frå Innovasjon Norge. Campus Seminar-arr. om opphavsrett i ei digital tid, med universitetslektor Gisle Hannemyr frå UiO som foredragshaldar, samla eit fullsett auditorium på Fosshaugane Campus (mellom 50 og 60 personar) og i tillegg har over 200 personar lasta ned videoen i ettertid. Det var litt problem med kringkastingsdelen (webcast) og det var synd, for like mange deltok digitalt som fysisk.

Seminar av denne typen bør også formidlast via nettet, helst i sanntid, men i alle fall som video i ettertid. På den måten vil me gå føre med eit godt eksempel og kan bruka det til å krevja same tilbod frå seminar som blir arrangerte andre stader, særleg i Oslo. På ein konferanse med presentasjon av den nye statlege kommunikasjonspolitikken i går (11.06) vart nettet teke i bruk på ein framifrå måte. Konferansen vart kringkasta og det vart også sett opp ein live-blogg med integrerte kommentarinnslag frå Twitter. Helst skulle dette vore integrert på ein og same stad, men det var absolutt eit steg i rett retning.