Campus Seminar 6.11: "Ei framtid i Adecco- eller Tippeligaen?"

Campus Seminar inviterer til fotballseminar tysdag 6. november etter sesongavslutninga. Spørsmålet som blir stilt er om små klubbar som Sogndal har nokon sjanse til å hevda seg i toppen lenger med dei økonomiske ressursane dei har til disposisjon.

Davy Wathne frå TV2 kjem saman med Andreas Hompland og interne krefter frå Sogndal Fotball som trenar Karl Oskar Emberland. Sjå meir informasjon på Sogndal Fotball sine nettsider