Campus Seminar 24. april: Kva er gale med "imitsjet" vårt?

Kva er gale med ”imitsjet” vårt?
Det er Jan Nyberg, redaktør i Bergens Tidende, som stiller spørsmålet i eit foredrag på Campus Seminar tysdag 24. april kl. 19.00. Han får selskap av Randi Førsund frå Årdal, som også har sitt syn på dette.

Etter nesten 30 år i utlægd vende BT-redaktør Jan Nyberg no i vinter heim att til seg sjølv. Nordfjordingen Nyberg har sidan januar i år hatt Høgskulen i Sogndal som base. Men han har stadig vore på farten rundt om i fylket for å snakke med og lytte til folk, vere med på ulike konferansar, sjå seg rundt i fjordfylket og gjere seg nye refleksjonar.

Dei spennande refleksjonane hans har stått på trykk kvar onsdag i Bergens Tidende sidan slutten av januar. I alt har det no vorte 13 slike refleksjonar. Alle dreier seg om ulike sider ved Sogn og Fjordane, modernitet og mangelen på urbanitet.

Nyberg skriv om fylket med den vakraste naturen og den dårlegaste maten, om den lunka og beiske kaffien til Fjord 1-ferjene, om mangelen på regionaviser i fylket, om fæle Førde, om ”imitsjproblema” våre, om lykkelandet vårt osv… Kort sagt; han har skrive om det meste. Unntatt fotballen, som han ikkje har tort å nemne.

Nyberg skal vere i Sogndal nokre veker til. Saman med andre BT-journalistar skal han no finne ut kven som har makta i regionsentra i fylket vårt. Resultatet kjem i BT etter sommaren.

I Campus Seminar tykkjer vi at Jan Nyberg har skrive godt og spennande om utviklinga i og utfordringane for Sogn og Fjordane. Vi har derfor invitert han til Campus for å leggje fram dei viktigaste refleksjonane sine, under tittelen ”Kva er gale med ”imitjset” vårt?”

Til å kommentere Nyberg har vi invitert friske Randi Førsund, dama som har gått hardt ut mot countrypreget i fylket vårt. Det har medført at Randi no er med i Nils R Sandal si tenkegruppe om framtida for Sogn og Fjordane.

Vel møtt til ein spennande kveld.
Foredraget startar kl. 19.00 og blir halde i auditoriet i Sognekraft-tribuna (langsida), første etasje.

Kontakt Georg Arnestad, Høgskulen i Sogn og Fjordane, tlf. 57 67 61 14, for meir informasjon.

Lenker til Jan Nyberg si spalte "Fakta frå fjordane" i BT:
http://www.bt.no/meninger/kommentar/nyberg/