Balestrand Summit 2009

Berekraftig reiseliv – økonomisk tap eller økonomisk gevinst?

Program

Vi har gleda av å invitere til Balestrand Summit 2009 som går av stabelen 25-27. mai på Kviknes Hotell i Balestrand. Tema i år er koplinga berekraftig reiseliv og lønsemd, i eit kortsiktig og langsiktig perspektiv. Reiselivsbedrifter kan spare store summar på til dømes energisparing. Ein synleg miljøprofil vil truleg vere eit sterkt kort i marknadsføringa mot framtidas turistar – og eit konkurransefortrinn for dei som er tidleg ute. Men kva med utfordringane reiselivet møter på lang sikt, når vi til dømes må redusere miljøbelastninga av flyturisme?Bedrifter og destinasjonar frå inn- og utland, som Hilton Hotels og skidestinasjonen Whistler i Canada, vil presentere sine beste døme på korleis ein kan kople berekraftig utvikling og økonomisk gevinst.

Årets Balestrand Summit er det andre i ei rekkje av tre seminar som skal diskutere strategiar og tiltak for å gjere norsk reiseliv berekraftig. Resultata av diskusjonane vert anbefalingar til Regjeringa si utvikling av rammevilkår for eit berekraftig reiseliv. Bli med og påverke framtidas reiseliv, du og!

Seminaret er lagt til perla i Sogn, Balestrand og til ein av dei gamle klassikarane blant trehotella på Vestlandet, Kviknes Hotell. Hotellet legg no om drifta i ein meir berekraftig retning og satsar mellom anna sterkare på lokal og kortreist mat. Opningsdagen startar med ein lekker lunsj, ”Sognatapas” basert på lokale råvarer. Til seminaret kjem gourmetkokken Ole Johnny Eikefjord – kjent frå Restaurant Eik i Oslo – som skal tilberede ein 3-rettars middag for oss, der han måler klimabelastninga av måltidet. Eit delikat og velsmakande eksperiment, utført for alle første gong!

Arrangørane av årets seminar er Innovasjon Norge , Høgskulen i Sogn og Fjordane , Universitetet i Stavanger , Transportøkonomisk Institutt og Vestlandsforsking.

Moderator: Bernard Lane, Editor of “ Journal of Sustainable Tourism

Påmelding innan 1. mai. Meld deg på her.

Velkomen til Balestrand!


logo-balestrand