Abelia sitt standardiseringsutspel om dokumentformat

Utviklinga innan it-området har dei seinare åra fokusert mykje på opne standardar. Det er no akseptert av dei fleste at opne standardar er å føretrekkja fordi det reduserer leverandørbindinga. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har oppretta eit it-standardiseringsråd som la fram det første forslaget til tilrådde opne standardar på slutten av 2007.

Innafor kontorstøtte er det framleis dei lukka formata for Microsoft Office som dominerer. Me på grunn av eit stadig sterkare press, ser også Microsoft seg nøydde til å opna opp formata. Problemet er berre at det alt er vedteke ein open standard for kontorstøtteverktøy, ISO-standarden ODF, og at Microsoft sitt forsøk på å få godkjent sitt forslag, OOXML, vil komma i tillegg. Det er stor usemje om kva som er å føretrekkja her, mange meiner det ikkje bør vera meir enn ein standard, medan Microsoft og deira støttespelarar hevdar at konkurranse på dette området også vil vera bra.

Abelia har valt å senda eit brev til dei parlamentariske leiarane på Stortinget der dei støttar Microsoft sitt syn og hentar argumentasjon frå ein rapport utarbeida av ECON Pöyry. Rapporten har vorte sterkt kritisert, mellom anna av it-kompetente personar som universitetslektor Gisle Hannemyr ved Universitetet i Oslo og teknologisjef Håkon Wium Lie i Opera.

Vestlandforsking meiner at Abelia som representerer eit vidt spekter av kompetanseverksemder og som sikkert har ulikt syn på denne saka, bør la vera å ta parti i ei så omstridd sak. Som medlem av Abelia har vi difor sendt dei eit brev der vi tek avstand frå handlinga og peiker på at det er uklokt.

(rett etter at dette vart skrive, vart Microsofts OOXML-forslag akseptert som ny ISO-standard for dokumentutveksling)

Vestlandsforsking sitt brev til Abelia