10 klimabod i Sogn og Fjordane. Sparebanken Sogn og Fjordane i bresjen for klimasatsing

Sparebanken Sogn og Fjordane har lansert 10 bod som starten på eit engasjement i dei store klimaspørsmåla. Fem av boda gjeld banken sjølv, både dei tilsette og drifta av banken. Tre bod gjeld forholdet til kundar og leverandørar og to handlar om banken sitt forhold til næringane og lokalsamfunna. Banken har engasjert Vestlandsforsking til å hjelpe seg med å halde dei ti boda.

- Dette er sjølvsagt ikkje berre ein gimmick frå vår side. Vi trur dei dystre rapportane frå FNs klimapanel om forverra levekår på kloden kjem til å endre både verdsøkonomien og levesettet til folk flest. Derfor tek vi som ein stor aktør i Sogn og Fjordane eit ansvar både for å få fram meir kunnskap om utfordringa og dessutan drive banken så berekraftig som mogleg, seier administrerande banksjef Arvid Andenæs.

Engasjerer Vestlandsforsking
Torsdag signerte Andenæs ei kontrakt med Vestlandsforsking over tre år. Forskarane i Sogndal skal kartlegge utsleppa av CO2 og andre farlege klimagassar i fylket. Dei skal også vurdere kor sårbare næringane er for klimaendringar  og ikkje minst hjelpe banken med å finne fram til løysingar som både næringslivet og klimaet vil tene på.

- Banken er den største næringslivsbanken i Sogn og Fjordane og ein viktig rådgjevar for sine 10.000 bedriftskundar. Vi stiller opp med bransjeansvarlege og arrangerer seminar om aktuelle tema. Klimaspørsmåla er vår tids største utfordring og byr ikkje berre på nye krav og nye avgifter, men også mange nye sjansar og bedriftsidear. Med hjelp frå Vestlandsforsking, som i lang tid har markert seg med solid miljøforsking, skal vi stille opp med kompetanse, seier Andenæs.

- Vestlandsforsking ser på dette som ei spennande utfordring og syns det er flott at Sparebanken Sogn og Fjordane går i bresjen for ei slik miljøsatsing, seier direktør for Vestlandsforsking, Agnes Landstad. Ho er særleg imponert over at banken også rettar søkelyset mot seg sjølv og ei mest mogleg berekraftig drift av banken. Landstad ser også føre seg at Vestlandsforsking vil bruke banken som eit studieobjekt i internasjonal forsking om korleis bedrifter og næringsliv tilpassar seg dei nye klimakrava.

Miljørekneskap frå banken
Miljøvennlege firmabilar, energieffektivisering i banklokala, meir videokonferansar for å redusere talet på flyreiser og fokus på gjenbruk i avfallshandteringa er nokre av tiltaka banksjefen skisserer. Som dokumentasjon for kva som er oppnådd vil Sparebanken Sogn og Fjordane kvart år legge fram eit klimarekneskap i tillegg til årsmeldinga.

- Vi kjem heilt sikkert til å kome opp i ein del vanskelege dilemma og sikkert gjere nokre feil vi kan bli kritiserte for, men det får våge seg. Vi skal ikkje vere miljøpoliti, men vi vil bry oss og prøve å gjere vårt, seier Andenæs.

Intern mobilisering
Dei tilsette i banken får i desse dagar tilbod om klimatestar og høve til å talfeste sine eigne ambisjonar for eit betre miljø. Dei får også tilbod om å delta i diverse konkurransar som mellom anna premierer mindre bilbruk til jobben.

- All dokumentasjonen som er lagt fram i det siste om klimaendring mellom anna med fleire og heftigare stormar som resultat, kjem til å omforme heile samfunnet vårt. Vi rustar oss for denne endringa og vil saman med Vestlandsforsking spele ei aktiv rolle i Sogn og Fjordane, seier Arvid Andenæs som trur utfordringa også byr på ei rekke nye forretningsidear. Han viser til solsellefabrikken som er under bygging i Årdal og fjordvarmesystemet som er etablert på Nordfjordeid som to gode døme på ny og framtidsretta miljøproduksjon.

Bilettekst:
Vestlandsforsking med direktør Agnes Landstad i spissen skal oppdatere Sparebanken Sogn og Fjordane på sentrale klimaspørsmål i fylket. Adm banksjef Arvid Andenæs og banksjef Arve Sandal trur dette blir ein sentral kompetanse for bankfolk i framtida. (Foto: Reiel Haugland)

10 klimabod frå
Sparebanken Sogn og Fjordane:

1. Premiere ”sykle til jobben” og andre tiltak blant tilsette som reduserer bilbruken
2. Energiøkonomisering i alle bygg og overgang til meir miljøvennlege firmabilar.
3. Meir bruk av video og telefonkonferansar i staden for flyreiser.
4. Fokus på gjenbruk.
5. Årleg klimarekneskap frå banken.
6. Klimaspørsmålet integrert i strategiske planar for banken.
7. Informasjon og kurs om klimaspørsmål for kundar og bransjar.
8. Investere i eit forpliktande samarbeid med Vestlandsforsking
9. Setje miljøkrav til leverandørane.
10. Delta i klimadebatten i fylket.

Kontaktpersonar:

Adm banksjef Arvid Andenæs Tlf 48167070
Banksjef Arve Sandal Tlf 48167060
Direktør for Vestlandsforsking: Agnes Landstad Tlf 91546610