Kurs for klimarettleiarar

Vestlandsforsking held i februar eit testkurs for personar som skal lære andre om lokal tilpassing til klimaendringar. Kurset er det første i sitt slag i Norden.

Det er ikkje alltid opplagt korleis lokalsamfunn og kommunar skal gå klimaendringane i møte. Kurset Vestlandsforsking arrangerer 8. -9. februar tek sikte på å skolere personar i nøkkelposisjonar slik at dei seinare kan undervise andre. Eit slikt kurs har ikkje tidlegare vore arrangert i Norden.

Kurset spring ut av EU-prosjektet Climatic (www.clim-atic.org), der eit mål har vore å få på plass eller supplere opplæringstilbodet innan klimatilpassing i deltakarlanda (Skottland/Storbritannia, Grønland/Danmark, Sverige, Finland og Noreg) og to observatørland (Irland og Island). Deltakarane på kurset i Sogndal skal først og fremst prøve ut eit nytt kursopplegg utvikla av Carlo Aall, Eli Heiberg og Deborah Davies. I neste omgang kjem fleire av deltakarane til å arbeide vidare med slike rettleiarkurs i heimlanda sine.

Dei norske deltakarane kjem frå Miljøverndepartementet, Nasjonalt utdanningssenter for samfunnssikkerhet og beredskap (NUSB) og Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Kurset i Sogndal er å rekne som ein test, og vil bli justert på bakgrunn av tilbakemeldingar. Deretter blir kursmateriellet lagt ut på nettet for å kunne brukast i heile Northern Periphery-regionen i EU (Skottland, Grønland, Vest- og Nord-Noreg, Nord-Finland og Nord-Sverige).

Alle kommunar i Sogn og Fjordane er inviterte til å delta på kurset. Dei vil også kunne delta på ein norsk versjon av kurset seinare i 2011 i regi av Vestlandsforsking og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Nøkkelord: klimatilpassing, klimasårbarheit