Fornybar energi på Fosshaugane Campus!

Energiselskapa i fylket, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking inviterer til Campusseminar om fornybar energi på Fosshaugane Campus tirsdag 6. oktober .

På seminaret vil blant andre tidlegare olje- og energiminister Åslaug Haga, administrerande direktør i EBL Steinar Bysveen og avdelingsdirektør i Forskningsrådet Fritjof Unander dele sine tanker om fornybar energi med oss.

Etter campusseminaret arrangerer Sogn og Fjordane fylkeskommune åpe arbeidsmøte om Fylkesdelplan for vindkraft. På møtet vert det presentert eit framlegg til faktadel for Fylkesdelplanen, der målet er å skape ein god politikk for vindkraftutbygging i Sogn og Fjordane.

Meir om konferansen/program

Påmelding