• Carlo Aall

    Carlo Aall ved Vestlandsforsking overraska mange då han under konferansen Lomsløftet la fram tal på klimaavtrykket frå norsk reiseliv som viste at dei samla utsleppa nesten er i same storleik som dei frå norsk oljeindustri.

  • Direktør Merete Lunde og leiargruppa

    Årsmeldinga for 2018 har mange høgdepunkt for Vestlandsforsking. Noradapt vart etablert, 70 prosjekt var i arbeid ved instituttet, forskarane har publisert rekordmange artiklar, og instituttet fekk svært god omtale.

  • Hans Jakob Walnum er konstituert som direktør ved Vestlandsforsking frå 1.mai.

    Hans Jakob Walnum er konstituert som direktør ved Vestlandsforsking frå 1. mai.

    Tidlegare direktør Merete Lunde starta samstundes i ny stilling som spesialrådgjevar hjå Forskingsrådet.

  • Tone Rusdal og Torunn G. Hønsi

    Under Klimaomstillingskonferansen 2019 i Sogndal 23.–25. april møttest deltakarar frå næringsliv, styresmakter og forskingsmiljø til eit arbeidsseminar med fokus på korleis klimakrisa kan også opne for nye produkt, tenester og næringsutvikling i Sogn.

  • Merete Lunde og Rajendra Akerkar

    Kan «augmentert intelligens» og stordata brukast til å føresjå dramatiske hendingar, frå jordskjelv til valdsbølgjer? Korleis kan eit samfunn bu seg på, og møte, ulike katastrofar på ein effektiv og smidig måte? Vestlandforsking skal saman med andre utvalde europeiske partnarar finne svar på dette i eit Horisont 2020-prosjekt.

  • Tegning av en gruppe turister.

    Han er frå Nord-Italia. Han er mellom 35 og 55 år. Han har minst fire gonger høgare inntekt enn snittet i EU. Vel framme vil han bli lenge. Han bur gjerne på hotell, men likar å bruke pengar også på serveringsstader, teater, utflukter, lokale produkt og kulturarrangement. Han er glad i naturopplevingar og ikoniske attraksjonar som Trolltunga og Geiranger, men kan godt koma utanfor vanleg høgsesong.

Nye publikasjonar