• Konferansedeltakarar ser på skjerm

    175 skulefolk frå heile fylket fekk mange svar då IT-forum inviterte til konferanse i Loen 12.-13 november. Kan ein god digital studieteknikk eliminere eller marginalisere ulike lærevanskar? Korleis kan teknologi auke inkluderinga? Korleis kan eit fysisk opplevingsspel kombinere element frå dataspelverda og verkelegheita til ei både lærerik og spanande oppleving?

  • Unchain map partners

    Ein ny metode gjer det enklare å analysere klimarisiko saman med folk frå lokalsamfunna det handlar om. Arbeidsforma gjer det òg enklare å finne fram til tiltak som kan dempe risikoen. Vestlandsforsking skal leie eit EU-prosjekt der lokalkunnskap og innbuarar også blir invitert med i analysearbeidet.

  • Stort publikum på konsert

    Forskarar frå Vestlandsforsking har studert publikumsopplevingar på årets Førdefestival, fordi arrangørane ville vite kva dei kan gjera betre for både trufaste deltakarar og nye målgrupper. Forskinga har allereie ført til nye konkrete tiltak, slik at fleire får augo opp for ein unik festivalen med artistar av verdskvalitet.

  • Menneske saman i konferanserom

    Klimaendringane gjer det vanskelegare å dyrke mat i store delar av verda og tvingar bøndene til å tilpasse seg nye vêrmønster. Dette er ei felles sak for Utviklingsfondet og Noradapt, som nyleg møttest hjå Vestlandsforsking for å bli betre kjende og vurdere framtidig samarbeid.

  • Stefan Gøssling

    Medan omgrep som "flyskam" spreier seg mellom folk flest, viser ny forsking at ein veksande global elite flyg mange tusen gonger meir enn gjennomsnittet. Professor Stefan Gössling har henta inn reisedata frå ti av dei største kjendisane sine sosiale media og rekna ut klimakonsekvensar.

  • Gruppetur IT København

    Ti av forskarane ved Vestlandsforsking drog til København for fagleg oppdatering og nettverksbygging innan IT/teknologi og samfunn.
    – Vi fekk med oss mykje kunnskap og inspirasjon heim. Det vart også ein opptur for sjølvkjensla for forskinga vår på instituttet, seier Torkjel Solbraa.

Nye publikasjonar