Rapport
Id:
2001-6

I samband med utarbeiding av fylkesdelplan for klima og energi har Sogn og Fjordane fylkeskommune gitt Vestlandsforsking i oppdrag å utgreie utsleppssituasjonen for klimagassar i fylket og foreslå tiltak for utsleppsreduksjonar. Prosjektet er finansiert gjennom tilskot frå Statens forureiningstilsyn.

Strukturen i rapporten er slik: Kapittel 1 inneheld ein presentasjon av viktige omgrep knytt til drivhuseffekten. Kapittel 2 er ein gjennomgang av klimagassutsleppa i Sogn og Fjordane i 1991 og 1997, fordelt på ulike samfunnssektorar. I kapittel 3 drøftar vi prinsipp for fastsetjing av klimamål og presenterer ei framskriving av utsleppa til 2010 basert på nasjonale utviklingstendensar. Kapittel 4 inneheld framlegg til tiltak for reduksjon av klimagassutslepp frå ulike utsleppskjelder i fylket.

Dei samla klimagassutsleppa i Sogn og Fjordane (eksklusiv petroleumsverksemd) var på om lag to millionar tonn CO2-ekvivalentar i 1997, og sto for 4,2 prosent av dei samla norske utsleppa. Same året sto prosessindustrien for 59 prosent av klimagassutsleppa i fylket. Fordi det lokale og regionale nivået manglar verkemiddel overfor prosessindustrien, har rapporten fokus på andre utsleppskjelder. Av desse er det fire
sektorar som er dei største bidragsytarane til drivhuseffekten: landbruk, vegtrafikk, skip/fiskefarty og avfallsdeponi. Vegtrafikk er i ei særstilling med kraftig utsleppsauke (24 prosent frå 1991 til 1997).

Utan nye klimatiltak er det venta ein utsleppsauke i Sogn og Fjordane på vel 10% frå 1991 til 2010. Dersom Sogn og Fjordane vel eit klimamål som harmonerer med dei nasjonale forpliktelsene i Kyotoavtalen (maks. ein prosent auke i tidsrommet 1990-2010), må fylket setje i verk nye tiltak fram mot 2010 som reduserer det årlege utsleppet med 74.000 tonn CO2.

Lista med framlegg til klimatiltak kan tene som utgangspunkt for dialog med andre offentlege organ, næringsliv og frivillige organisasjonar om utarbeiding av klima- og energiplan for Sogn og Fjordane.