Bærekraftig reiseliv eller bare kraftig reiseliv?

Bok
Id:
2020

I antologien "Berekraftig verdiskaping" sett saman av forskarar ved Høgskulen på Vestlandet, bidreg Carlo Aall med artikkelen "Bærekraftig reiseliv eller bare kraftig reiseliv?". Her oppsummerar han erfaringar frå to tidligare prosjekt ved Vestlandsforsking om berekraftig reiseliv: prosjektet "Sustainable Destinations Norway 2025" og prosjektet "Samspel for berekraftig reiseliv". Artikkelen konkluderar med:

(1) Det er grunn til å stille spørsmål ved om kor sterkt målet om eit berekraftig reiseliv er forankra hjå nasjonale styresmakter, og då særleg den økologiske berekraftdimensjonen og det globale perspektivet.

(2) Berekraftig reiseliv har ikkje ein eintydig definisjon, korkje innan stat, fylkeskommune, kommune og næringa.

(3) Sidan berekraftig reiselivsutvikling først blei fremja på 1990-talet har målet blitt stadig utvida og delvis utvatna, noko som har ført til at den mest krevjande berekraftutfordringa for reiselivet som gjeld klimagassutslepp frå reisa til og frå reiselivsdestinasjonane ofte blir gjemt og glemt i debatten.