VRI4 - mobilisering til FoU innan tema teknologi og IT

Vestland fylkeskommune v/ Avdeling for innovasjon og næringsutvikling har tildelt Vestlandsforsking ei av tre rollar som kompetansemeklarar ut året 2020 i prosjekt VRI4 2020.

Tema er nyskaping og berekraft i næringslivet i Vestland. Rolla skal rette seg mot bedrifter som er opptelme av nyskaping og berekraft, i kombinasjon med forsking og utvikling (FoU).

Hovudoppgåva er å mobilisera bedrifter til auka bruk av FoU. Bransjesatsingane er fornybar energi og energisparing, landbruk, reiseliv og sjømatnæringar, inkludert verdikjedene. VRI4 skal arbeida for nye biologiske og telmologisk løysingar for grøn utvikling, omstilling og berekraft i <lesse næringane.

Dei tre som no er tildelt rollene, Vestlandsforsking, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Segel AS, skal samarbeide tett. VRI4 skal og samarbeide godt med MobiFORSK i tidlegare Hordaland og andre mobiliserande satsingar tom EU-nett Sogn og Fjordane og Teknoløft Sogn og Fjordane.

Kompetansemeklaren skal ut frå vurdering av behov knytt til kvar mobilisering nytte ein eller fleire av dei fem verkemiddela som er til rådvelde:

  1. Kompetansemekling
  2. Forprosjekt & FoU-prosjekt
  3. Nettverksmøte
  4. Mobilitet
  5. Studentmobilitet - avtale med HVL
  6. Forskar til låns - nytt verkemiddel for VRI4

 Slik arbeidar ein kompetansemeklar

  1. Kartlegga og identifisera bedrifter med sikte på å avdekke behov og moglegheiter for FoU-prosjekt, for deretter å kontakta/oppsøkja <lesse.
  1. Informera om moglege støtteordningar.
  2. Kopla bedrifta saman med FoU-miljø og forskar, som kan gjennomføra FoU-prosjektet.
  3. Hjelpe bedrifta, eventuelle partnarar og forskaren med å lage søknad om FoU-støtte.
  4. Halda seg informe1t om framdrifta av FoU-prosjektet.
  5. Hjelpe til med å fim1a fram til aktuelle FoU-program for vidare

I tillegg er det forventa at kompetansemeklaren tek initiativ til nettverksmøte, som er la-eative samlingar med føremål kunnskapsdeling, nettverksbygging og/eller ideutvikling. Målet med nettverksmøte er som regel å mobilisera fleire bedrifter og forskingsmiljø til å finna løysingar på problem aktørane kan ha, kvar for seg eller felles.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Vestland fylkeskommune
Prosjektnummer:
6554
Prosjektleiar: