VR14 - mobilisering til FoU innan tema teknologi og IT

Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ Næring- og kulturavdelinga har tildelt Vestlandsforsking ei av tre rollar som kompetansemeklarar ut året 2019 i prosjekt: Mobilisering til forskingsbasert innovasjon i Sogn og Fjordane 2017- 2019. (VRI4). Dei nye rollane skal rette seg mot bedrifter som driv innovasjon innan teknologi og IKT i Sogn og Fjordane. Dei tre som no er tildelt rollane, Vestlandsforsking, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Segel AS, skal samarbeide tett. Kompetansemekling er ein aktivitet der kompetansemeklaren/ FoU-miljø yter hjelp til bedrifter og offentlege verksemder med å finna fram til rett FoU-kompetanse for utviklingsprosjekt. VRI4 er forankra i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014- 2025.

VRI4 Sogn og Fjordane har no seks tematiske satsingsområde:

  1. Fornybar energi
  2. Landbruk
  3. Reiseliv
  4. Sjømatnæringar (Havbruk og fiskeri)
  5. Kunnskapsnæringar (KIFI) - indirekte via FoU-startpakken
  6. Teknologi og IKT

Slik arbeidar ein kompetansemeklar

  1. Kartlegga og identifisera bedrifter med sikte på å avdekke behov og moglegheiter for FoU-prosjekt, for deretter å kontakta/oppsøkja desse.
  2. Informera om moglege støtteordningar.
  3. Kopla bedrifta saman med FoU-miljø og forskar, som kan gjennomføra FoU-prosjektet.
  4. Hjelpe bedrifta, eventuelle partnarar og forskaren med å lage søknad om FoU-støtte.
  5. Halda seg informert om framdrifta av FoU-prosjektet.
  6. Hjelpe til med å finna fram til aktuelle FoU-program for vidare FoU.

I tillegg er det forventa at kompetansemeklaren tek initiativ til nettverksmøte, som er kreative samlingar med føremål kunnskapsdeling, nettverksbygging og/eller idèutvikling. Målet med nettverksmøte er som regel å mobilisera fleire bedrifter og forskingsmiljø til å finna løysingar på problem aktørane kan ha, kvar for seg eller felles.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Prosjektnummer:
6532
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: