Vilkår for berekraftig tettstadutvikling (Surround)

logo surround

Urbanisering er eit av dei mest framtredande trekka ved vår tidsalder, og i Norge bur 81 prosent av innbyggarane i byar og tettstader. Urbanisering har følgjer for miljø og samfunn, ikkje berre i sjølve byane, men også i dei halvurbane og rurale omgivnadene. Prosjektet Sustainable urbanisation requirements of small and medium-sized urban settlements and their surroundings (Surround) skal gi kunnskap om korleis urbanisering påverkar miljøverdiar og kulturhistoriske verdiar i byar/tettstader og i bynære område. Prosjektet vil også kaste lys over drivkrefter som påverkar desse prosessane, og gi betre forståing av vilkåra for at urbanisering kan skje på ein berekraftig måte.

Urbanisering skjedde lenge ved at byområde spreidde seg på ein lite planmessig måte ut i omgivnadene i form av lite kompakte, arealkrevjande busettingar. På 1980-talet vart fortetting lansert som ein strategi for å motverke uheldige konsekvensar av slik byspreiing. I Norge vart fortettingsprinsippet introdusert m.a. gjennom forskingsprosjektet Natur- og miljøvennlig tettstedsutvikling (NAMIT), som gjekk frå 1988 til 1992. Sogndal, Horten, Malvik og Trondheim vart den gongen undersøkt med omsyn til ulike berekraftsindikatorar. Grunntanken med Surround er å bruke dette materialet for å etablere eit samanlikningsgrunnlag anno 1990, og med det utgangspunktet analysere prosessane som har pågått gjennom tre tiår sidan NAMIT fann stad.

Caseanalysane vil ta for seg dei same fire kommunane, og analysere endring med bakgrunn i fagfelta landskapsøkologi, kultruminnefag og governanceteori (governance betyr samstyring, ved at det offentlege styrer i lag med næringsliv og sivilsamfunn). Forskarane vil studere biologisk mangfald, landskapskvalitetar, tilgang til rekreasjonsområde og historiske urbane landskap. Kartlegging av planprosessar og haldningar til desse vil gi innblikk i drivkrefter som kan forklare korleis miljø- og kulturhistoriske verdiar har blitt forvalta. Funna frå Surround vil bli formidla vitskapleg og populært, og gi innspel til bachelor- og masterprogram ved NMBU og Høgskulen på Vestlandet.

Gå til Surround si nettside

 

Finansiert av: Norges forskningsråd

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges forskningsråd
I samarbeid med:
Høgskulen på Vestlandet (HVL)
Western Norway University of Applied Sciences (HVL)
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)
Norwegian University of Life Sciences (NMBU)
University of Tartu
Aalto University
Arkitektkontoret 4B
Prosjektnummer:
6492
Prosjektleiar:
Seniorforskar
Prosjektmedarbeidarar:
Leiande seniorforskar
Forskar og kommunikasjonsansvarleg
Aktuelt:
  • Karen disputerer

    - Det trengst ei radikal omlegging av arealplanlegginga, sa Karen Richardsen Moberg då ho leverte prøveførelesinga si og disputerte ved NMBU 15. desember. Ein må hente fram att verktøy som har ligge nedstøva i verktøykassa sidan det nyliberale inntoget på 1980 og -90-talet, og finne alternativ til vekst viss vi skal greie å redusere tap av natur og artar og redusere belastninga på klimaet, sa Karen frå podiet.

  • karen på konferanse

    Fredag 15. desember kl. 14 kan du sjå disputasen til ph.d.-stipendiat Karen Richardsen Moberg ved Vestlandsforsking via Zoom. Ho forsvarer doktorgraden sin om berekraftig kommunal arealbruksstyring ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU).

  • Mann med briller i blå t-skjorte og skjorte, smiler til kamera

    Over to dagar i september inviterer Vestlandsforsking til konferanse om korleis tettstader kan utvikle seg i ei retning som er berekraftig.
    – Vi sit på forskingsresultat som mange kommunar kan ha nytte av i samfunnsplanlegginga, seier Kyrre Groven.

  • To kvinner og to menn poserer framfor utsikt over Sogndal med bok

    Fire forskarar frå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet fekk 17. juni prisen for beste vitskaplege artikkel under Fjordkonferansen 2021. Artikkelen formidlar funn frå forskingsprosjektet Surround, som handlar om stadutvikling i Sogndal, Horten, Malvik og Trondheim.

  • Foto

    Kva med eit lunsjforedrag eller eit fagleg innslag på personalmøtet? I år låner Vestlandsforsking ut to forskarar under Forskingsdagane. Ta ein kikk på det Kyrre Groven og Gilda Seddighi har å formidle!

  • Foto

    Då ordføraren i instituttet sin nye vertskommune kom for å bli betre kjend med Vestlandsforsking, fekk han innblikk i eit 35 år langt samarbeid.