Søk jobb på Vestlandsforsking

Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan ein forskarjobb på Vestlandsforsking vera noko for deg.

Open søknad

Vestlandsforsking har mange prosjekt på gong og søkjer stadig etter nye dyktige forskarar. Har du interesse og bakgrunn frå våre fagområde, send gjerne ein open søknad med CV til post@vestforsk.no.

Om du ønskjer karriere i Sogn og Fjordane, rår vi deg til å ta ein kik på trainee-ordninga til Framtidsfylket.

Om forskargjerninga på Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit regionalt forskingsinstitutt som utfører forskingsoppdrag innan klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Dei tilsette har stort ansvar for sine fagfelt, og får høve til å drive aktivt forskingsarbeid frå dag éin.

I forskingsoppdraga er det variasjon i både tema og mål, og det er variasjonar i kven som er oppdragsgjevar eller samarbeidspartnar og kor lenge prosjekta varer. Arbeid som spenner frå internasjonale konferansar til rapportskriving og datainnsamling gjer Vestlandsforsking til ein dynamisk og givande arbeidsplass.

I Sogndal er det kort avstand til flotte fjell, snø og fine fjordarmar som mange nyttar til fotturar, skikøyring, klatring, padling, sykling og anna friluftsliv. Det er eit godt og variert kulturtilbod i bygda. Studentane ved høgskulen sett sitt preg på staden store delar av året. Det er eit mangfaldig næringsliv og fleire offentlege etatar i Sogndal og bygdene rundt, noko som gjer Sogn til ein attraktiv stad å bu og arbeide i. Vestlandsforsking held til på Fosshaugane Campus i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap.