Aktuelt-arkiv

  • test

    Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg.

  • Forskingsrådet har nominert professor Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking til medlem av EU-komitéen "High-Performance Modelling and Simulation for Big Data Applications". Komitéen er av typen European Cooperation in Science & Technology (COST). Rajendra Akerkar er ein av to norske forskarar i komitéen der 22 land er representert.

  • Vestlandsforsking deler sin erfaringar med EU-forsking på NHO sin Europadag 16. april. Ivar Petter Grøtte, mangeårig deltakar i EU-prosjekt, deltek i paneldebatt om "Moglegheiter for Sogn og Fjordane".

  • Dersom du var nøydd til å gjere hushaldninga di meir klimavenleg, kva tiltak ville du satse på? Dette er hovudspørsmålet i HOPE, eit nytt EU-prosjekt Vestlandsforsking er med i.

  • Vestlandsforsking presenterte førebelse resultat frå prosjektet "Naturskader - kostnader ved forebygging vs. gjenoppbygging av kommunalt eid infrastruktur" på eit seminar arrangert av prosjektet "Naturfare-infrastruktur-flom-skred" (NIFS) med deltakelse etatsledelsen fra i NVE, Statens vegvesen og Jernbaneverket.

  • Fylkeskommunen har valt Trude Brosvik til ny styreleiar i Vestlandsforsking. Ho har vore styremedlem sidan 2010. Trude Brosvik etterfølgjer Knut M. Olsen, som går ut av styret etter 10 år som leiar.

  • Dei tilsette i dei kommunale heimetenestene har fått ein meir krevjande kvardag etter innføringa av Samhandlingsreforma, og behovet for kompetanseheving er stort. Dette kjem fram i ein studie frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking.

  • Kyrre Groven deltok på den andre samlinga til KS Kommunenettverk om klimatilpassing i Sandvika 16.-17. mars. Der heldt han eit foredrag med tittelen "Overvasshandtering i Norge: Historisk tilbakeblikk og status idag".

  • Morten Simonsen og Hans Jakob Walnum har fått publisert artikkelen «Does driving behavior matter? An analysis of fuel consumption data from heavy-duty trucks» i tidsskriftet «Transportation Research part D: Transport and environment». Tidsskriftet er rekna som eit såkalla nivå 2 tidsskrift, det vil seie at det er blant dei beste tidsskrifta internasjonalt innan miljø og transportområdet.

  • Norsk gardsturisme har i løpet av dei siste tiåra utvikla seg til å tilby heilskapleg turistprodukt som består av kvalitetsprodukta overnatting, god mat og drikke, personleg nærvær og historieforteljingar frå vertskapet.

  • Under Norsk Senter for Bygdeforskning sitt fagseminar på Røros Bergstadens hotell, Røros 27. februar 2015, vart funn frå forskingsprosjektet Second Generation Rural Tourism presentert.

  • Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg.

  • Førre veke vart dei første prosjekta i Interreg VB (EU sitt territorielle samarbeid) Nordlig Periferi og Arktis klare. Vestlandsforsking er deltakar i to av dei 13 prosjekta som vart godkjente.

  • Forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking er ein av 14 norske forskarar som fortel om kva dei eigentleg føler når det gjeld den globale oppvarminga, og korleis dei opplever det når dei ser at klimakunnskapen gang på gang kjem til kort.

  • Forskar Svein Ølnes har skrive kronikk på Forsking.no om kva som har skjedd med Internett-pengane Bitcoin etter hysteriet for eit år sidan. Kronikken er ein årsrapport for Bitcoin i 2014, med eit særleg søkjelys på forskinga rundt fenomenet.

  • "Svært nyttig i klimatilpasningsarbeidet". Det var dommen frå offentlege styresmakter då sluttrapporten frå pilotprosjektet om bruk av forsikringsnæringa sine skadedata i kommunane blei presentert i januar.

  • Lin Prøitz som er knytt til Vestlandsforsking, har fått EU-stipend for å forska på korleis unge i dag oppfattar politiske hendingar og uttrykkjer det gjennom fotografi på sosiale medium.

  • test

    I 2015 feirar Vestlandsforsking 30 år. Forskingsinstituttet blei stifta 13. mars 1985 av Sogn og Fjordane fylkeskommune, med god hjelp frå Kommunaldepartementet, bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar i fylket som gjekk inn med midlar til eit grunnfond.

  • Hans Jakob Walnum og Carlo Aall ved Vestlandsforsking har i samarbeid med Søren Løkke publisert artikkelen «Can Rebound Effects Explain Why Sustainable Mobility Has Not Been Achieved?». Artikkelen drøftar svar på kvifor det er så krevjande å nå målet om berekraftig mobilitet.

  • Title: Assistance in the life-cycle assessment of: ethanol-blended gasoline, and tiles made from waste cathode ray-tube (CRT) glass