Aktuelt-arkiv

  • Forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking i Sogndal er den første norske forskaren som blir professor på temaet berekraftig utvikling. Aall er frå 1 august 2012 gjesteprofessor/professor II i berekraftig utvikling ved Aarhus Universitet Herning, Danmark. Der skal han arbeide med temaet klimaomstilling i det nordiske Centre of Excellence ”NORD-Star”. Aall held fram i full stilling som forskingsleiar ved Vestlandsforsking.

  • Ei naturforvaltning som tek vare på norsk natur er ein grunnleggande føresetnad for friluftslivet.

  • Livssituasjonar som scenario for evaluering av offentlege digitale tenester er eit svært aktuelt tema i EU. I Norge derimot, er det overraskande lite interesse for denne måten å sjå tenester i samanheng på. Kan det skuldast mangel på reell brukarorientering?

  • CenSES presenterer Ole Inge Gjerald frå Vestlandsforsking denne månaden på si nettside.

  • Transport av gods er ei viktig kjelde til utslepp av klimagassar. Er det mogeleg å bruke mindre diesel, redusere utslepp og samstundes frakte like mykje gods like langt?

  • I Vestlandsforsking sine analyser av reiselivet sin berekraft- og klimapåverknad kjem det fram at interkontinentale flyreiser og cruise-turisme har eit høgt energiforbruk og CO2 utslepp per personkilometer samanlikna med andre ferieformer. Ofte får vi reaksjonar på slike analyser i form av ” … vil dere forby fly og cruise dere da?” eller ”er det bedre at turistene reiser til Sverige og Finland i stedet?”

  • I dag presenterar Vestlandsforsking saman med forskarnettverket for verdsarv i Norden sine forskingsresultat i Suomenlinna, Finland. Kristian Sveels frå Åbo Akademiet står for presentasjonen på vegne av forskarnettverket.

  • Den 16. IT-forumkonferansen er akkurat avslutta, og mellom mange gode presentasjonar festa eg meg ved Kristin Lyng, Meteorologisk institutt, som fortalde om instituttet sin politikk for opne data.

  • Eit fylke med uendelege muligheiter, rikt på naturgitte føresetnader, med elevar som presterer best i skuleverket og som så søker høgare utdanning og spennande arbeidsplassar i næringslivet. Klarer vi nytte dei ressursane vi har til det beste? Kva ramme er det for innovasjon i grisgrendte fylke som Sogn og Fjordane? Korleis arbeider vi med innovasjon? Er ungdommen motivert for å arbeide og bu her?

  • Du kan følgje konferansen på nettet.

  • Temaet var innovasjon i offentleg sektor og møteplassen var Samhandlingsarena. Det siste er ein møteplass arrangert av Forskingsråd-prosjektet Semicolon og stiftinga Norstella.

  • Forskingsdagane vert markert både i Førde og Sogndal med ulike arrangement frå 20. - 28. september

  • Seminaret "ISO 15926 and Semantic Technologies" blir i desse dagar arrangert for 5. gong i Sogndal, av Vestlandsforsking. GDF Suez og Norges forskingsråd er sponsorar av arrangementet.

  • Unge studentar er mest positive til klimatiltak som dei merkar lite til i dagleglivet. Dei stør heller tiltak dei ikkje trur har klimaeffekt enn tiltak dei vil merke i eige daglegliv og i eiga lommebok.

  • IT-vervarsel for dei neste 5 åra: Det blir overskya og fare for periodar med ekstremver.
    Oversett betyr det at nettskya vil ta over for fullt og at det på ingen måte er risikofritt.

  • Forskarar ved Vestlandsforsking har bidrege med fire av tolv artiklar i eit spesialnummer av det vitskaplege tidsskriftet Local Environment, som oppsummerer internasjonal forsking om klimatilpassing i dei nordiske landa.

  • Norges forskningsråd har lagt fram ei internasjonl evaluering av norsk klimaforsking der Norge kjem svært godt ut og der Vestlandsforsking er med i det gode selskap.

  • Sogn og Fjordane og dei andre vestlandsfylka er i gang med andre runde av Norges forskingsråd sitt program Virkemiddel for Regional Innovasjon (VRI).

  • European Conference on Information Systems, ECIS, er ein stor europeisk konferanse innan det ganske omfattande temaet Information Systems. I år har ECIS 20-årsjubileum, og det har vorte ein ganske stor konferanse.