Aktuelt-arkiv

  • Den 24. oktober arrangerte Vestlandsforsking i samarbeid med Juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen eit seminar om usikkerheit og klimatilpassing. På seminaret deltok forskarar frå ulike fagområde og representantar for nasjonal, regional og lokal forvaltning.

  • Statsråd Kristin Halvorsen besøkte måndag 5. november Vestlandsforsking. I løpet av ein knapp time diskuterte vi dei regionale forskingsinstitutta si rolle i brukarnær og andvendt forsking.

  • Fredag 26. oktober blei det arrangert workshop om forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor.

  • Utviklinga av den semantiske web-en har gått frå ei ekstrem retning (overfokus på ontologiar) til den stikk motsette: lenka data nesten utan semantisk informasjon.

  • Vestlandsforsking arrangerer i dag (26.10.12) seminar om forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Den nye offensiven frå Forskingsrådet på dette området er ein viktig bakgrunn.

  • Turistane har fått nye opplevingar grunna betre samarbeid mellom frukt- og bærnæringa og reiselivet på Vestlandet. Vestlandsforsking har evaluert tilbodet frå 40 hagebruksbedrifter i Sogn og Fjordane og Hordaland.

  • Vestlandsforsking har laga eit notat med ein kortfatta og oppdatert oversikt over kva lover og reglar som gjeld innafor klimatilpassing i kommunal infrastruktur og korleis ansvarsforholda er mellom kommune, stat og eventuelle andre aktørar i dag.

  • Forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking i Sogndal er den første norske forskaren som blir professor på temaet berekraftig utvikling. Aall er frå 1 august 2012 gjesteprofessor/professor II i berekraftig utvikling ved Aarhus Universitet Herning, Danmark. Der skal han arbeide med temaet klimaomstilling i det nordiske Centre of Excellence ”NORD-Star”. Aall held fram i full stilling som forskingsleiar ved Vestlandsforsking.

  • Ei naturforvaltning som tek vare på norsk natur er ein grunnleggande føresetnad for friluftslivet.

  • Livssituasjonar som scenario for evaluering av offentlege digitale tenester er eit svært aktuelt tema i EU. I Norge derimot, er det overraskande lite interesse for denne måten å sjå tenester i samanheng på. Kan det skuldast mangel på reell brukarorientering?

  • CenSES presenterer Ole Inge Gjerald frå Vestlandsforsking denne månaden på si nettside.

  • Transport av gods er ei viktig kjelde til utslepp av klimagassar. Er det mogeleg å bruke mindre diesel, redusere utslepp og samstundes frakte like mykje gods like langt?

  • I Vestlandsforsking sine analyser av reiselivet sin berekraft- og klimapåverknad kjem det fram at interkontinentale flyreiser og cruise-turisme har eit høgt energiforbruk og CO2 utslepp per personkilometer samanlikna med andre ferieformer. Ofte får vi reaksjonar på slike analyser i form av ” … vil dere forby fly og cruise dere da?” eller ”er det bedre at turistene reiser til Sverige og Finland i stedet?”

  • I dag presenterar Vestlandsforsking saman med forskarnettverket for verdsarv i Norden sine forskingsresultat i Suomenlinna, Finland. Kristian Sveels frå Åbo Akademiet står for presentasjonen på vegne av forskarnettverket.

  • Den 16. IT-forumkonferansen er akkurat avslutta, og mellom mange gode presentasjonar festa eg meg ved Kristin Lyng, Meteorologisk institutt, som fortalde om instituttet sin politikk for opne data.

  • Eit fylke med uendelege muligheiter, rikt på naturgitte føresetnader, med elevar som presterer best i skuleverket og som så søker høgare utdanning og spennande arbeidsplassar i næringslivet. Klarer vi nytte dei ressursane vi har til det beste? Kva ramme er det for innovasjon i grisgrendte fylke som Sogn og Fjordane? Korleis arbeider vi med innovasjon? Er ungdommen motivert for å arbeide og bu her?

  • Du kan følgje konferansen på nettet.