Aktuelt-arkiv

  • Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har oppnemnt nytt styre for Vestlandsforsking for perioden 2011 - 2015.

  • I ein kronikk i forskning.no stiller forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking spørsmålet om vi har tid til å vente på teknologiske tiltak retta inn mot å redusere utslepp frå produksjon - av typen fullskala CO2-rensing på Mongstad - eller om vi i staden må satse på tiltak retta inn mot å redusere utslepp frå forbruket vårt.

  • Korleis vere rådgjevar og debattant i grøne konflikter?
    Forskar Ole Inge Gjerald ved Vestlandsforsking har i dagens BT ein kronikk om dette emnet.

  • ”Privacy is gone, get over it” – personvern er forbi, det er berre å innsjå. Dette har vore uttalt av mange, men med innføringa av DLD er ein ny, stor spikar slått inn i personvern-kista.

  • Vestlandsforsking er i jamn og god fagleg utvikling, seier styreleiar Knut M.Olsen etter at årsrekneskap og årsmelding for 2010 er behandla i styret. År for år har forskarane auka forskingsaktiviteten og levert fleire vitskaplege publikasjonar, som er målestokken for kvalitet og aktivitet på forskingsarbeidet.

  • Feriereiser og miljø er ein del av tematikken i NRK-programmet Forbrukeinspektørene (FBI) som blir sendt 30.03.2011.

  • Avisa Firda har trykt ein serie artiklar basert på arbeidet i prosjektet ”Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane”. Artiklane rettar merksemd på næringsliv og næringsutvikling i Sogn og Fjordane.

  • IT forum Sogn og Fjordane v/Breibandforum arrangerer i samarbeid med KRD/SD konferansen "Neste generasjons breiband - for heile Norge" på Gardermoen 4. april.

  • Felles IKT-utvikling i kommunal sektor - Utfordringer og muligheter med IKT-styring og IKT-samarbeid. Det er tittelen på ein rapport frå Devoteam daVinci bestilt av ei arbeidsgruppe for samordning av IKT-utviklinga i kommunal sektor og samarbeid mellom kommunal og statleg sektor. Rapporten blir her gjennomgått med kritiske auge fordi den etter mitt syn ikkje tek omsyn til viktige prinsipp for lokalt sjølvstyre.

  • Stort vedlikehaldsetterslep på bygningar og vegar gjer at kommunesektoren ligg bakpå når det gjeld tilpassing til klimaendringar. Vestlandsforsking meiner sektoren bør vurdere å redusere byggeaktiviteten medan ein tek att vedlikehaldsetterslepet. Jordvern er eit anna viktig tiltak for klimatilpassing som vert framheva i det nyleg avslutta FoU-prosjektet ”Klimaendringenes konsekvenser for kommunal og fylkeskommunan infrastruktur” på oppdrag frå KS.

  • Forskingsleiar Carlo Aall holdt innlegg om berekraftig landbruk for Bioforsk på eit internt seminar ved Bioforsk Økologisk Tingvoll.

  • Nydyrkingsressursene i Norge er begrensete. Og de ligger stort sett i lite gunstige klimasoner. Klimaendringer som bidrar til en mer ustabil og presset global matforsyning tilsier at vern av den beste matjorda er et viktig tiltak for tilpassing til klimaendringer.

  • We will arrange a new seminar in our series of semantic technology topics: this time about SPARQL. The seminar will be held on Quality Sogndal Hotel on Friday 25th of March, at 13.00 (GMT +1), but will also be streamed on the Net.

  • Vi arrangerer eit nytt seminar i serien vår om semantiske teknologiar. Denne gongen handlar det om korleis ein skal få tak i dei mange ressursane som no blir knytte saman ved hjelp av lenka data (Linked Data). Til det brukar ein spørjespråket SPARQL.

  • Eg slettar endå ein e-post om at eg har vunne i det nederlandske statslotteriet, og lurer på kven som kan bita på dette opplagte forsøket på lureri.

  • Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane lyser ut to eller tre doktorgradsstipend/kvalifiseringsstipend til toppstilling i fornybar energi, energibruk, innovasjon og regional utvikling Stillingane er knytte til det tverrfaglege Forskingsprogram om fornybar energi.

  • Topic Maps by Lars Marius Garshol, Bouvet

  • Prosjektet ”Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane” er eit av fleire delprosjekt i ”Et kunnskapsbasert Norge” (www.ekn.no). Det overordna målet med prosjektet er å bidra til langsiktig økonomisk vekst i Sogn og Fjordane – og dermed til bevaring av livskraftige og attraktive lokalsamfunn. For å realisere dette målet skal prosjektet være faktabasert – byggjast på eit solid kunnskapsgrunnlag.