Ledig stilling

Vi har for tida ingen ledig stilling, men er du interessert i eitt eller fleire av våre forskingsområde og kan tenke deg å bli forskar i Vestlandsforsking?

Send oss gjerne ein open søknad 

Tre forskarar om Vestlandsforsking som arbeidsplass:

 

 

Malin Waage, seniorforskar innan teknologi og samfunn med stordata som felt

jente i allversjakke med ullhue i fjellandskap med busetnad

Då eg først kom til instituttet, møtte eg ein hyggeleg og fagleg engasjert gjeng som var lett å bli kjent med – det er eit miljø og mogelegheiter her til å utfolde, utfordre og engasjere seg på mange ulike måtar. Problemet eg fort støytte på, var at arbeidsdagen var litt for kort til alt eg hadde lyst til å gjere (men sjølvsagt ikkje må).

Det er ikkje berre Vestlandsforsking som er passe stort, men også Sogndal som stad. Når det skjer noko her, møter ein på kjentfolk. Og så er jo naturen utruleg flott, og vêret behageleg!

 

Malin vart tilsett som forskar i august 2022 på feltet stordata. Ho har ein doktorgrad i marin geologi og geofysikk frå UiT Norges arktiske universitet, der ho også har hatt ei postdoktorstilling. Før doktorgraden arbeidde ho eit par år i selskapet Baker Hughes, der ho hadde ansvar for generell datainnsamling og overvaking av boreoperasjonar.

 

Agnes Brudvik Engeset, seniorforskar i reiseliv med rural turisme som hovudfelt

Først og fremst er det kjekt å jobbe på Vestlandsforsking. For å seie det slik: Eg har ikkje kollegaer, men vener på jobb!

Kvinne i kvit bluse i sal med lys frå fjorden og treskjeringar

Det er også ein utfordrande jobb som krev at eg brukar alle sider ved meg sjølv. Eg er også glad i formidling og får snakke til ulike mottakarar, frå reiselivsnæringa, til det offentlege, til folk flest - men også til andre i forskingsverda, gjennom vitskaplege artiklar og presentasjonar.

Eg set også stor pris på ein fleksibel kvardag der eg styrer kalendaren mykje sjølv. Samtidig får eg høve til å utforme sjølve arbeidet mitt, både kva eg skal forske på og kven eg skal samarbeide med. 

Agnes har arbeidd som forskar ved Vestlandsforsking sidan 2008. I 2021 avla ho ein doktorgrad innan rural turisme ved Institutt for geografi på NTNU. Avhandlinga tek for seg korleis gardsturisme og distriktshotell tilpassar seg endringar i reiselivet med særleg vekt på overlevingsevna i familieeigde verksemder.

Forskingsfelta hennar er rural turisme, fritid og fritidsforbruk og berekraftig reiseliv.

 

 

Torbjørn Selseng, stipendiat på feltet berekraftig klimatilpassing

Litt som bygda elles, er Vestlandsforsking ei samling av fine folk med ulike fag og interesser og med mykje ungt mot. Organisasjonen er så stor at me kan hevde oss som eit kollektiv, og så liten at det går fint å halde kollektivet intakt. Me har stor fridom (og store cellekontor), så det er lett å trivast i si eiga boble òg når det trengs.

ung mann i anorakk og panneband med illustrasjon av sau bak seg

Eg er frå Sogndal, så det er kanskje ein smule subjektivt, men det er jo vanvittig fint her. Og kort veg til fjells.

Torbjørn har mastergrad i klimaomstilling frå Høgskulen på Vestlandet og held for tida på med ein doktorgrad om berekraftig klimatilpassing. Han har òg erfaring som journalist i NRK og som gründer. Han vart tilsett ved Vestlandsforsking i 2019.

 

 

Send oss gjerne ein open søknad.

Sosial samling på benk i sommarvêr ved grøn fjord med fjell bak
Sommarfest på Ytre Eikjo. Foto: Kyrre Groven

Dette er Vestlandsforsking

  • Forskingsinstitutt i Sogndal
  • Utfører regionale, nasjonale og internasjonale forskingsoppdrag for næringsliv, offentleg og sivil sektor
  • Lang tradisjon for internasjonalt forskingssamarbeid
  • 37 tilsette i eit spennande fagmiljø
  • Tverrfagleg forsking på felt som klima, miljø, energi, IKT, regional utvikling og reiseliv