To ledige forskarstillingar i stordata (forskar/ph.d./postdoktor)

Er du interessert i stordata (big data) og ønskjer å jobbe som forskar eller ta ein doktorgrad? Kunne du tenke deg å forske på korleis bruk av stordata kan gi næringslivet i Vestland nye, innovative løysingar for produkt og tenester? Då kan den ledige forskarjobben på Vestlandsforsking vere noko for deg.

Vi har to ledige forskarstillingar i stordata i prosjektet Teknoløft Sogn og Fjordane, som starta opp i 2018 ved Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet. Det 6-årige prosjektet er finansiert av Forskingsrådet for å gi næringslivet tilgang til relevant forsking og utdanning i regionen. Forskarane vi tilset, vil vere knytte til forskingsgruppa for teknologi og samfunn.

Digitalisering, automatisering, robotikk og stordata vil vere blant dei store satsingsområda i næringslivet dei kommande åra, og grunnleggande forståing av teknologien og korleis ein kan nytte den på best mogleg vis, vil vere avgjerande for utviklinga framover.

Kva faktorar som vil føre til verdiskaping frå stordata-teknologi i små og mellomstore bedrifter, er lite kjent. Det er behov for å auke kunnskapen om korleis stordata kan bli brukt i utvikling av nye og innovative løysingar for bedriftene. Forskingsprosjekta vil omfatte etablering av ein kunnskapsplattform for bruk av stordata-teknologi i næringslivet i Vestland, gjennom bruk av metodar frå maskinlæring og data-mining på reelle test-case.

Søkarar må ha minst mastergrad i statistikk, matematikk, informatikk eller eit relatert område, og ha erfaring innan analyse og handtering av store og komplekse datasett. Vi legg vekt på gode kunnskapar om maskinlæring, data-mining eller relaterte metodar. Vi ønskjer òg at søkarar har kjennskap til og erfaring med programmerings- og skriptspråk som til dømes Scala, Python eller R.

Du må trivast med oppdragsforsking og kunne inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Vi legg vekt på sjølvstende, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, arbeidskapasitet og evne til å samarbeide på tvers av disiplinar. I tillegg er det viktig at du har god munnleg og skriftleg formuleringsevne, både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver. Vestlandsforsking har eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø og velutvikla samarbeidsnettverk både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og andre velferdsordningar.

Løn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Søknad med CV og publikasjonsliste, karakterutskrifter/vitnemål og eventuelle attestar, kan òg sendast per post: Vestlandsforsking, postboks 163, 6856 Sogndal

FINN-kode: 202254199

Søknadsfrist: 29. januar 2021.

For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med oss:

 

Fjord, fjell og snø, Sogndal
Fjella i Sogn innbyr til friluftsliv. Foto: Bård Basberg

Om Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit regionalt forankra forskingsinstitutt som utfører forskings- og utviklingsoppdrag for næringsliv og offentleg sektor. Vi arbeider med forsking innan tre hovudområde: klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Forskarane våre utfører tverrfagleg og bruksretta forsking både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Vestlandsforsking har om lag 30 tilsette og ein årsomsetnad på rundt 25 millionar kroner. Vi held til i Sogndal i Vestland fylke.