Forskar innan stordata

""
Sogndal og Fosshaugane Campus. Foto: Falkeblikk AS

Har du utdanning innan computer science og erfaring med programvareutvikling? Kunne du tenkje deg å forske på om kunstig intelligens og stordata kan brukast til å føresjå dramatiske hendingar, og korleis eit samfunn kan bu seg på og møte kriser og katastrofar på ein effektiv og smidig måte? Likar du å samarbeide i internasjonale nettverk? Då kan denne stillinga i Sogndal vere noko for deg! Vi ser fram til å høyre frå deg!

Ledig stilling

Vi søkjer etter ein forskar innan stordata til eit nytt Horisont 2020-prosjekt om stordata og beredskap. Prosjektet startar sommaren 2019 og varer i tre år.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vere innan systemkravutvikling (requirement engineering) som utarbeiding og gjennomføring av tekniske analyser, validering og verifisering av programvareplattformer. Stillinga krev deltaking på internasjonale vitskaplege konferansar og publisering i vitskaplege tidsskrift. Du vil arbeide på eit nytt internasjonalt Horisont2020-prosjekt om stordata og beredskap, men òg i andre nasjonale og internasjonale forskingssamarbeid og prosjekt som er i gang. I desse prosjekta samarbeider vi med andre forskarar, offentlege etatar og næringsliv. Vi utfører både grunnforsking og anvendt forsking på eit breitt spekter av datarelaterte utfordringar på ulike område som mobilitet, transport, beredskap og krisehandtering.

Kvalifikasjonar

Søkjaren bør ha mastergrad eller ph.d.-grad i computer science eller liknande, i tillegg til erfaring med utvikling av programvare. Vi ser etter ein person med både teoretisk og praktisk kunnskap frå open source-basert teknologi som PHP, Java, mySQL og/eller MongoDB. Kjennskap til maskinlæring og analyse av storskala data er ein fordel. God formuleringsevne på engelsk er eit krav, vi ser helst at du også har gode norsk-kunnskapar. Vår nye kollega må ha evne til å arbeide godt og effektivt, både med sjølvstendige oppgåver og som del av ei gruppe.

Vi tilbyr

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, og du blir ein del av eit veksande stordatamiljø på instituttet. Vi tilbyr også gode samarbeidsnettverk både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå, fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar.

Lønn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Send søknad med CV og oversikt over publiserte arbeid til post@vestforsk.no. Attesterte kopiar av karakterutskrift/vitnemål og eventuelle attestar/anna dokumentasjon kan sendast til Vestlandsforsking, Postboks 163, 6851 Sogndal.

Søknadsfrist: 15 april 2019.

For nærare informasjon om stillinga:

Professor Rajendra Akerkar, tlf +47 91 68 56 07, e-mail: rak@vestforsk.no

Direktør Merete Lunde, tlf: 99 60 76 78, e-mail: ml@vestforsk.no

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Om Vestlandsforsking:

Vestlandsforsking utfører forsking- og utviklingsoppdrag for næringsliv og offentleg sektor. Ved instituttet er det 32 tilsette og årsomsetnaden i 2018 var på 32 millionar kroner. Dei tre hovudfagområda våre er klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Instituttet har ei lang historie med internasjonalt FOU-samarbeid og eit stort internasjonalt nettverk. I dag er Vestlandsforsking aktive i EU sine forskingsprogram med tre H2020 prosjekt. Instituttet er organisert som ei stifting, og vi held til på Campus Sogndal i lag med Høgskulen på Vestlandet. Her er vi lokalisert i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogndal er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter.